I møte 20.03.19, saksnr. 2019/33, har forvaltningskomiteen i Kvinnherad kommune vedtatt med

heimel i PBL § 12-11 at privat forslag til detaljreguleringsplan for 177/2 - uleigehytter og naust Raudholmvika  - Varaldsøy, sist revidert den 05.02.19, vert i samsvar med lova lagt ut til off. ettersyn og offentleg høyring etter ein har gjort følgjande forandringar:

·         Byggjegrense mot sjøen skal innarbeidast under 1.1 i føresegner og omtalast i planomtale med vurdering jfr. PBL §1.8.

·         Det skal jobbast med VA-plan for området.

 

Utlegginga av planforslaget vert kunngjort i lokalpressa og kommunen sine elektroniske media, berørte partar og instansar skal varslast (planid.: 20160013). Planforslaget er utarbeida i regi av Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS.

Etter kommuneplan (godkjent den 22.03.18; planid.: 20140002) er området definert som Sm-02-01 (småbåtanlegg ), F-02-01 (fritidsbustader), Na-02-01 (naust) og LNF-området. Det består plankrav. Plankartet er føreslått regulert til samferdselsanlegg og teknisk infrastruktur (veg, anna veggrunn, felles kjøreveg, molo og parkering), LNF-område (landbruksføremål), grønstruktur ( naturområde), bebyggelse og anlegg (utleiehytter, lager, uthus/naust/badehus og småbåtanlegg i sjø- og vassdrag), Bruk og vern av sjø- og vassdrag (ferdsel og friluftsområde) og juridiske linjer og punkt.

Etter plan- og bygningslovens § 12-11 leggjast planforslaget ut til offentleg ettersyn fram til den 09.08.19 på følgjande stader: Kvinnherad kommune sin heimesida www.kvinnherad.kommune.no/kunngjeringar og på Varaldsøy handel v/ Ole Skjelnæs.

Evt. merknader og/eller interesser som ynskjast ivaretatt i planarbeidet meddelast Kvinnherad Kommune – seksjon forvaltning – private reguleringsplanar v/ Ingo Bewer seinast den 09.08.19.

Vedlegg i saken finner du her!