Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image

Utbyggingsavtaler

Utbyggingsavtalar er eit nyttig verktøy for aktiv samfunnsutvikling. Gjennom avtalar med private grunneigarar og/eller utbyggjarar bidrar kommunen til aktivitet i prioriterte område på felleskapet sine premissar. Samstundes skal også utbyggjar og tredjemann sine interesser verta ivaretekne på ein god måte.

Gjennom plan- og bygningslova har kommunen ei viktig rolle som planmyndighet. Kommuneplanar bestemmer kva område som skal utbyggjast og kva som skal vernast. Reguleringsplanar gjev meir eller mindre detaljerte bestemmelsar om korleis dei ymse områda skal utformast og det kan setjast rekkefølgjekrav til utbygginga. Når eit område skal utbyggajst, kan kommunen vidare nytta plan og bygningslova til å påleggja framføring av veg, vatn og avløpsanlegg og kan krevja refusjon dersom kommunen står for framføringa. 

Med å inngå ein utbyggingsavtale med grunneigarar og/eller utbyggjarar, kan kommunen delta meir aktivt i utbygginga, ut over det som er heimla i plan- og bygningslova. Ein utbyggingsavtale kan til dømes

  • tilretteleggja for eit privat/kommunalt samarbeid om ei heilskapleg utvikling/utbygging av eit område
  • fastslå kven som skal ha ansvar for- og bekosta rekkefølgjebestemte tiltak
  • fastslå korleis arbeid skal igangsetjast og om det skal foregå trinnvis eller samla
  • dersom det er fleire grunneigarar fungera som ein overordna avtale for samtlege

Utbyggingsavtaler må ha grunnlag i eit kommunestyrevedtak der det framgår i kva tilfelle kommunen vil krevja utbyggingsavtaler og kva forventningar kommunen har til ein slik avtale.

Ein utbyggingsavtale kan ikkje omhandla sosial infrastruktur som skular, barnehagar, sjueheimar osv.

Kommunal- og regionaldepartementet har gitt ut "Veileder utbygginsgavtaler". Den kan opnast i pdf-format her.

 


Share on Facebook
Kvinnherad kommune, Rådhuset | 5470 Rosendal | man - fre 0800 - 1530 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no