Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image

Ut på tur i Kvinnherad ?

Utsikt frå Varden på Sandvoll (foto: AK Enes)
I heile Kvinnherad har vi flotte turmål. Mange av turstiane våre er no delt inn etter vanskegrad slik at det skal bli lettare å finna ein tur som passar deg! Klikk deg inn og finn din tur her.

Kanskje kjenner du godt turstiane i ditt nærområde?
Med prosjektet "Turstiar i Kvinnherad", som no er i ferd med å bli fullført, opnar nye område seg for innbyggjarane i kommunen. No kan du like lett finne kor du skal parkera og gå om du har tenkt deg på Sandvikehorga på Varaldsøy eller Vikastølen i Åkra.

I mange bygder vert det arbeidd svært godt med merking av turstiane. No har vi samla informasjonen om mange av desse stiane på ein stad. www.visitsunnhordland.no

Vi har delt turane inn i 4 vanskegrader etter ein nasjonal standard (slik som alpinløypene):

Grøn - lette turar
Blå - middels turar
Raud - krevande turar
Svart - ekspert

I artikkelen "Ut på tur?" kan du finna linkar til alle turstiar som har vore med i prosjekt "Turstiar i Kvinnherad". Du finn ein link til kvar av dei 4 kategoriane.

Når du har funne turen du ønskjer å gå, kan du laste ned eit KART for turen ved å trykkje på knappen der det står "Last ned kart". Kartet du då får opp kan du skriva ut på din eigen PC. Enkelt og greitt!

God tur !!
 


Share on Facebook
Kvinnherad kommune, Rådhuset | 5470 Rosendal | man - fre 0800 - 1530 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no