Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image

Søknadsfrist 01.05

Ungdomstiltak

UKK-logo
Ungdommens kommunestyre Kvinnherad lyser ut tilskot til ungdomstiltak 2 gonger i året

UNGDOMSTILTAK

 
Retningsliner
 
Midlar til ungdomstiltak skal lysast ut to gonger i året, vår og haust. Det er Ungdomens kommunestyre Kvinnherad som deler ut tilskotet.
 
Kven kan søkje:
Lag, organisasjonar og grupper som har ungdom i Kvinnherad som målgruppe for sine aktivitetar
Einskildpersonar kan søkje om tilskot dersom dei aleine er ansvarleg for tiltak som kjem ungdom i Kvinnherad kommune til gode.
 
Kva kan ein søkje om:
Tilskot til aktivitetar, tilbod, arrangement eller andre tiltak for ungdom.
Ekstra tiltak for ungdom som skil seg frå den ordinære drifta til laget/organisasjonen
Tilskot til realisering av nye tiltak for ungdom
Tilskot til etablering/vedlikehald av bygg, materiale, utstyr og investeringar som er med på å gje eksisterande tiltak eit løft.
 
Vilkår for tildeling:
Tiltaket skal vere spesielt retta mot ungdom i aldersgruppa 13-20 år. Tiltak retta mot andre
aldersgrupper kan vurderast i særskilde tilfelle.
Tiltaket skal vere geografisk plassert, eller ta utgangspunkt i ei plassering i Kvinnherad kommune.
Tiltaket skal vere ope og tilgjengeleg for all ungdom i Kvinnherad kommune og ikkje vere
avgrensa til små eller spesielle grupper.
Tiltaket skal vere rusfritt
Tiltaket skal ikkje vere basert på forteneste eller på annan måte knytast til kommersiell verksemd.
Tiltaket skal ikkje påføre kommunen ekstra driftsutgifter utan nærare avtale.
Ein kan berre få tildelt tilskot frå UKK ein gong kvart kalenderår.

Share on Facebook
Kvinnherad kommune, Rådhuset | 5470 Rosendal | man - fre 0800 - 1530 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no