Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image

Open søknadsfrist

Underskotsgaranti ved opne kulturarrangement

Det er høve til å søkja om underskotsgaranti ved opne kulturarrangement.
GENERELLE RETNINGSLINER
 

1. Tilskot til frivillig kulturarbeid blir gitt til:

  •  Medlemsbaserte lag og organisasjonar

  • Opne ungdomstiltak

  • Personar

  • Institusjonar som driv frivillig og/eller ikkje-kommersielt kulturarbeid for innbyggjarane i Kvinnherad.

 Desse kan ikkje søkje om tilskot:

  • Organisasjonar / institusjonar som primært tek seg av medlemene sine yrkes- eller økonomiske interesser.

  • Organisasjonar som har til hovudoppgåve å samle inn pengar til tiltak utanfor kommunen.

  • Tiltak / arrangement som har til føremål å skaffe inntekter.

  • Aksjeselskap

  •  Informasjons-, aksjons- og interesseorganisasjonar.

  •  Politiske parti/organisasjonar

  •  Næringsaktørar som t.d. skjenkestader

 

Lag som driv opne lagshus kan søkje om stønad til drift av huset uavhengig av andre reglar i dette punktet.

Komité for oppvekst, kultur og idrett har høve til å dispensere frå desse unntaka ved spesielle tilhøve.

 2. Det kan gjevast følgjande type stønad:

  •  Driftstilskot til lag og hus
  • Byggetilskot
  • Underskotsgaranti ved opne arrangement
  • Tilskot til lokale samlingar, skrifter og bøker
  •  Frivillige tiltak
  • Ungdomstiltak
  • Kjapt svar

Ved særlege tiltak, som ikkje kjem inn under dei ulike tilskotsordningane, kan det søkjast spesielt.

Det blir berre gitt tilskot frå ei tilskotsordning til same tiltaket. Vi praktiserer fullført sakshandsaming og viss ein ser at søkjar har søkt på ”feil” ordning vil søknaden verte overført til korrekt ordning, til beste for søkjar.

Det skal søkjast skriftleg, på riktig skjema.

Alle søknader skal dokumenterast med budsjett og/eller rekneskap. Det må visast behov for tilskot og budsjett skal være realistiske og i balanse.

 3. Det er eit vilkår for å få kommunale tilskot at Følgjekort (gratis tilgjenge for naudsynt

følgjeperson for funksjonshemma) vert akseptert ved kulturarrangement.

 UNDERSKOTSGARANTI VED OPNE KULTURARRANGEMENT

For å stimulera til kulturtilbod av høg kvalitet kan det gjevast underskotsgaranti til:
  • større arrangement som går utover det som er laget si eiga normale drift. T.d. jubileum, store satsingar eller samarbeid.
  • Andre satsingar av høg kvalitet, dette etter vurdering.
Reine inntektsbringande arrangement med føremål å skaffe inntekter til eit lag, prosjekt e.l. vil til vanleg ikkje få underskotsgaranti.
 
Det er ein føresetnad for å få garanti at profesjonelle, honorerte kunstnarar, forfattarar, foredragshaldarar o.l. som ikkje er ein del av laget sin vanlege drift opptrer/medverkar.

Det kan gjevast underskotsgaranti på inntil 1/3av utgiftene. Arrangementet må være realistisk og gjennomførbart. Det er ikkje høve til å budsjettere med eit underskot.
 
Følgjande utgifter blir godkjende som grunnlag for utrekning av eventuelt tilskot:
  •  Honorar til kunstnarar og utøvarar m.m. (Honorar til lag /organisasjon/utøvar som får tilskot over anna kommunal tilskotsordning på kulturområdet skal ikkje vere med i utrekningsgrunnlaget.)
  •  Reise-/opphaldskostnader for honorerte kunstnarar og utøvarar m.m.
  • Utgifter til marknadsføring av slike arrangement.
  •  Leige av teknisk utstyr som er naudsynt for arrangementet.
  •  Administrasjonsutgifter (telefon og porto m.m.)
  •  Husleige.
 
Arrangementet må vere kunngjort og ope for publikum. 
Det er ein føresetnad for tilskot at arrangementet gir inntekter i form av billettar e.l.
 
Søknad om underskotsgaranti må sendast Kvinnherad kulturkontor på fastsett skjema i god tid før arrangementet. Budsjett for tilskipinga skal følgje med. Ved underskot må ein så raskt som mogleg, og seinast ein månad etter arrangementet, melde inn til Kulturkontoret at garantien vert utløyst. Rekneskap for tilskipinga skal følgje med.
 

 


Share on Facebook
Kvinnherad kommune, Rådhuset | 5470 Rosendal | man - fre 0800 - 1530 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no