Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image

Ulovlege bygg: Overtredelsesgebyr vil ikkje få tilbakeverkande kraft

Byggeraglar
Kvinnherad kommune planlegg ein aksjon: Få orden på byggesaka og unngå overtredelsesgebyr.

Bakgrunnen for denne aksjonen er at det i løpet av 2010 vert innført ny plan- og bygningslov der kommunane vert gjeve heimel til å innføra overtredelsesgebyr for ulovlege bygg.

Kommunen har gått ut frå at når slikt overtredelsesgebyr var vedteke, ville det slå inn når kommunen vart gjort kjent med det ulovlege bygget, dvs at overtredelsesgebyr også kunne verta gjort gjeldande for "gamle synder".
 
Kommunen har no fått oppplyst at i ny forskrift til plan- og bygningslova som enno ikkje er vedteken, framgår det at overtredelesgebyr berre vil kunna gjerast gjeldande for dei tiltaka som er fysisk bygde etter at ordninga med overtredelsesgebyr er vedteke.
 
Aksjonen er godkjent i forvaltningskomiteen og er gjort kjent i pressa. Formannskapet skal vedta aksjonen endeleg, men dette vert stillt i bero og forutsetningane eventuelt endra når den nye forskrifta er vedteken.


Share on Facebook
Kvinnherad kommune, Rådhuset | 5470 Rosendal | man - fre 0800 - 1530 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no