Opphald i institusjon

Eit opphald i ein av sjukeheimane våre vert gitt når det etter ein helse og omsorgsfagleg vurdering vert vurdert at det er det einaste eller beste måten som kan sikre nødvendige og forsvarlege tenester.  Institusjonane våre er det høgaste trinnet i omsorgstrappa vår.

ØH - opphald skal vere eit tilbod som er eit alternativ til sjukehusinnlegging. Kommunen har to senger på Husnestunet til dette tilbodet. Det er lege som avgjer om bruk av desse.

Korttidsopphald kan bli gitt som ei forlenging av eit sjukehusopphald. Det vert og gitt som behandlingsopphald, rekonvalesens, rehabilitering etter sjukdom/skade, eller som habiliteringsopphald for å framleis kunna bu i eigen heim. Det kan og bli gitt som del av kartlegging av behov for kommunale tenester. Korttidsopphald i institusjon er tidsavgrensa. Tenesta har eigenbetaling

Avlastningsopphald i institusjon kan og bli gitt som avlastande tenester til pårørande som har særleg tyngande omsorgsarbeid, der dette er det einaste eller beste måten som kan gi nødvendig avlastning. Avlastningsopphald er planlagde tidsavgrensa opphald. Avlastningsopphald har ikkje eigenbetaling.

Langtidsopphald. For nokre av våre innbyggjarar vert eit lengre opphald i institusjon nødvendig. Eit langtidsopphald er som regel ikkje tidsavgrensa. Tenesta har eigenbetaling.

Opphald vert gitt ved dei tre institusjonane i kommunen; Rosendalstunet, Husnestunet og Halsnøytunet.