Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image

TRV - tiltak og tenester for vaksne

Husnes sentrum

Tenester

  • Sosialtenesta
  • Støttekontaktordninga
  • Psykiatritenesta
  • Transpoirtordninga for Husbankordningar; Lån, tilskot
  • Flyktningtenesta
  • Fylgjekortordninga
  • Edruskaptenesta
  • Vaksenopplæringa

Generelt

I 1998 flytta sosialtenesta frå Rådhuset til Tenestesenteret i Husnes. Føremålet med flyttinga var å betra nærleiken til fleire innbyggjarar. Sidan har tenesta vakse. Det har kome til eit betra tilbod til fleire grupper. Rusavhengige, psykisk sjuke, flyktningar. Tenesta driv også 3 aktivitetssentra og eitt arbeidstilbod. Desse tilboda er i Rosendal, Omvikdalen, Husnes og Fatland.

Tenesta har i dag 44 tilsette, fleire av dei tilsette går i delstillingar. Tenesta har sentralbord og publikummottak i 2. høgda i Tenestesenteret. Tenestene er tilgjengelege mellom kl. 09.00 - 15.00 måndag til fredag.

Satsingsområde

Tenesta satsar innafor fleire områder. Styrkeløftet har som mål å kartleggja og motivera ungdom mellom 18 og 25 år for arbeid aktivitet. Vedaprosjektet er eit arbeids og aktivitetstilbod til personar som treng eit "løft" inn i arbeidslivet.

Aktivitetshuset Gamle Undarheim skule er eit tilbod til personar med rusproblem om å byggja og driva sitt eige aktivitetssenter. Det er under planleggjing eit prosjekt i høve gje tilbod til uførepensjonerte psykisk sjuke om å få ta ibruk restarbeidsevna si.

Det vert ytt hjelp til personar som treng hjelp å styra økonomien sin. Tenesta har miljøarbeidarar som gjev bustadsosial oppfølging til personar som treng oppfølging i eigen bustad. Tenesta satsar på kompetanseheving hos tilsette ved tenesta. Vidareutdanning innan psykiatri, auka kompetanse på sentrale, andre fagområde

Visjon

Visjonen er å vera ein fleksibel og endringsdyktig organisasjon som evnar å endra og tilpassa seg endra behov i samfunnet kring.

Verksemda skal vera ein aktiv medspelar i arbeidet med å gjera kommunen til ein god kommune å leva i.

Anna info

Heile eller deler av verksemda skal organiserast inn i eit partnerskap med staten. NAV (Ny arbeids og velferdsforvaltning) har som mål å verta eit tilbod til publikum.

Tilbodet skal erstattar sosialtenesta, arbeidsetaten og trygd.


Share on Facebook
Kvinnherad kommune, Rådhuset | 5470 Rosendal | man - fre 0800 - 1530 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no