Trufast tenar takkar for seg
Oppmålingsingeniør Trygve Nes (64) frå Nes i Rosendal har pensjonert seg etter 43 år i oppmåling i Kvinnherad kommune. Trygve har sidan han var 21 år, jobba innan kart og oppmåling. Trygve har lært seg dei fleste gards- og bruksnummera i kommunen. – Eg har bladd så mykje i matrikkelregisteret desse åra, at eg kan namna på alle 284 gardsnummera i kommunen, samt namna på alle større grunneigarar, seier Nes. Nes har likte seg godt i kommunen.
– Det har vore ein grei arbeidsplass her, elles hadde eg ikkje vore her i 43 år, smiler han. Han treivst med å reisa rundt og treffe nye menneske.
Rivande utvikling
– Det har vore ei rivande utvikling på instrument, utstyr og rekneprogram på alle desse åra. Første åra føregjekk berekningar ved hjelp av logaritmar og trigonometriske tabellar. Så fekk dei ein elektrisk reknemaskin som handterte mange siffer. – Den kom heile det gamle kommunehuset og nytta seg av, minnest han.
Etter kvart har oppmålingsarbeidet blitt enklare og meir automatisert med opplysningar lagra digitalt på datamaskin. Nes har vore med på den rivande utviklinga som kommunen har opplevd dei siste fire tiåra og ikkje minst nybygging på Husnes. Han har vore med på oppmåling av store offentlege bygg, skular og hotell.
Pensjonstilværet nyt han på småbruket, han skal ta ut ein del tømmer og så har han tre hestar som hobby. Sidan nyttår var det Atle Hovland frå Samnanger som tok over jobben etter Nes.





