Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image

Viktig informasjon om endring i kurset

Treningskontakt kurs

Kvinnherad kommune i samarbeid med Kvinnherad idrettsråd, Hordaland idrettskrets og Helse Fonna arrangerar treningskontaktkurs. Kurset skulle i utgangspunktet gå over to helgar, men det er no bestemt at det berre vil bli ei intensiv helg den 28-30. september. Ein vil likevel få den same kompetansen og kursbevis som gjennom eit "ordinært" kurs over to helgar. Vi vonar dette vil føre til at fleire vil ta seg tid til å gjennomføra kurset. Det er framleis ledige plasser.

 

Folkehelse i samarbeid med tiltak og rådgivingstenesta for vaksne (TRV), og tiltak og tenester for barn og unge har teke initiativ til å å arrangera eit nytt treningskontaktkurs i kommunen.Treningskontaktkurset vert arrangert saman med Helse fonna, Kvinnherad idrettsråd og Hordaland idrettskrets.

treningskontaktkurs
treningskontaktkurs

Treningskontakt

Ein treningskontakt er ein person som har interesse for idrett og fysisk aktivitet i kvardagen, og ønskjer å vera ein motivator og støttespelar for andre personar som treng tilretteleggjing for fysisk aktivitet. Treningskontaktar jobbar med både barn og unge, og vaksne og eldre. Ein treningskontakt kan jobbe på oppdrag i kommunen under støttekontaktordninga eller knytta til idrettslag og grupper.

 

Påmelding til kurs

Vi oppmodar personar i alle aldrar med interesse for fysisk aktivitet og idrett, og ønskjer å bruke litt av tida si til å vera aktiv saman med andre til å melde seg på kurset. Søknader som er kommen inn vert overflytta til hausten. Då kommunen treng treningskontaktar til eit nytt prosjekt for elevar i ungdomsskulen er vi ekstra interessert i å få treningskontaktar som er elevar i vidaregåande skule og som har førarkort for bil. Om du har spørsmål om dette ta kontakt med Geir Ove Fosse, tlf 53 48 33 52/ 99 16 99 50.  

Ny påmeldingsfrist er 2.september 2012

 

invitasjon treningskontaktkurs haust 2012.pdf 

pameldingsskjema.docx PDF document ODT document

Informasjon om treningskontaktar frå Hordaland idrettskrets

Film om treningskontaktar


Kvinnherad kommune, Rådhuset | Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal | Man - fre 08.00 - 15.30 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no