- Framsida
- Tenester
- Politikk
- Organisasjon
- Postliste
- Tenestekatalog A-Å
- Skjema A-Å
- Arkivside
- Skjema
- Lenker
- Prosjektrom
- Treff oss på Facebook
Planlegg neste skuleår
Treng fleire lærarar
Skulane og barnehagane ser i desse dagar fram mot august og nytt skuleår. Gode medarbeidarar er den viktigaste ressursen som må være på plass for å ta imot barnehageborn og elevar.Sjølv om vi framleis er tidleg i året ser skulane og barnehagane fram mot skulestart 2010. Det er ofte endringar i tilsette frå skuleår til skuleår, og kabalen må stadig leggas på nytt. Mykje er framleis uklårt, men nokre brikker er alt på plass. Truleg vil ein og for skuleåret 2010/2011 ha trong for fleire nye lærarar.
Førskulelærerar har vi endå ikkje nok oversikt over. Så langt ein ser no er kommunen godt dekka med assistentar, men det kan og her koma endringar. Truleg vert dei fyrste stillingane lyst ut på heimesida vår fyrste halvdel av mars.





