Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image

Mattilsynet treng hjelp av deg for å ta fugleinfluensaprøvar

Trekkfuglane kjem –

Død and

I desse dagar kjem trekkfuglane frå Sentral-Europa til Noreg. Eit stort utbrot av fugleinfluensa i Sentral-Europa gjer at det er høg risiko for at desse fuglane kan bera med seg smitte. Mattilsynet vil difor intensivera overvakninga av villfugl for tidleg å kunna oppdaga når fugleinfluensa kjem til landet.

Mattilsynet oppfordrar folk som ferdast langs sjø, vatn og våtmarksområder om å informera Mattilsynet ved funn av sjuke eller døde fuglar.

 

Slik melder du frå

Fuglar som er døde av ytre skader, er avmagra eller rotne, er i utgangspunktet ikkje aktuelle å undersøkja for fugleinfluensa. Men finn du fylgjande bør du kontakta Mattilsynet:

· Fleire (4-5) sjuke/døde ”andefuglar” i eit avgrensa område nær av vatn, sjø eller våtmark

· Mange andre døde fuglar i eit og same område

· Død rovfugl på typiske opphaldsstader for andefuglar

· I Rogaland vil vi at folk skal melda frå om alle døde fuglar (treng ikkje vera 4-5) utan synlige ytre skader av artane andefuglar (ender, gjæs og svaner), vadefuglar, åtselfuglar (kråker og ravn) og rovfuglar.

Nord-Trøndelag, Rogaland, Østlandet og Oslofjord-området er mest sannsynleg landingsplass for desse trekkfuglane.

Andefuglar (ender, gjæs og svaner), måkefuglar, vadefuglar, rovfuglar og åtselfuglar (t.d. kråker) er mest utsette for smitte.

Melding frå til distriktskontoret for Mattilsynet på tlf. 22 40 00 00, som i kvart einskilde tilfelle vil vurdera behovet for å senda inn fuglen/fuglane til nærare undersøking. Av omsyn til generell smittefare skal alle unngå å koma i fysisk kontakt med sjuke og/eller døde fuglar.

 

Store konsekvensar for tamme fuglar

Typen av fugleinfluensa som herjar i Sentral-Europa er ikkje farleg for menneske. Fugleinfluensaen er dødeleg for både ville og tamme fuglar. Det er difor viktig å sikra at dei ville fuglane ikkje kjem i kontakt med tamme fuglar i Norge.

I tillegg til overvakinga har Mattilsynet sett i verk ei rekkje tiltak for å hindra at fugleinfluensaen smittar tamme fuglar i Norge. Mellom anna er det framleis ei «Portforbudforskrift» som seier at tamme fuglar skal haldast innandørs eller ute under tett tak.

Dette kravet gjeld for tamme fuglar som er seg i fyljande områder: Oslo, Akershus, Hedmark, Oppland, Vestfold, Østfold, Buskerud, Telemark, Aust-Agder, Vest-Agder, Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal, Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag.

Dersom du har fjørfe og/eller andre fuglar i fangenskap (ikkje burfuglar innandørs) og bur i desse områda, må du også huska på å registrera fjørfehaldet ditt hos Mattilsynet.

 


Kvinnherad kommune, Rådhuset | Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal | Man - fre 08.00 - 15.30 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no