Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image

Tiltak og tenester for barn og unge (TTBU)

Husnestunet_200x100
Tiltak og tenester for barn og unge - TTBU yter tenester til barn, unge og foreldre. I tillegg er vi også eit støttesystem for barnehagar, skular og andre som arbeider med barn og unge. Vi ønskjer å vere tilgjengelige, men for nokre tenester er det ventetid.
Du kan kontakte den avdelingen du ønskjer hjelp frå, eller du kan kontakte sentralbordet vårt på 53461690.
Bruk gjerne "Tilmeldingsskjema TTBU" i sjølvbeteningsboksen boksen til høgre.

Tiltak og tenester for barn og unge – TTBU er ei samla teneste for barnevern, helsestasjon, jordmødre, psykisk helsearbeidar, pedagogisk psykologisk tenestekontor - PPT, utekontakten og avlastingstiltak for familiar med funksjonshemma barn og unge alvorlegefunksjonsvanskar.

 

Arbeidet i TTBU er styrt av ulike lovverk. Både barnevernslova, sosialtenestelova, helselovene, opplæringslova og forvaltningslova regulerer vår verksemd. Vi får styringssignal frå fleire ulike departement, og må halde oss orientert om mange forskrifter, retningslinjer og veiledarar.

 

Hovudsatsingsområdet for tenesta er å oppfylle dei krav og forventningar lovverk og forskrifter stiller på våre område.

 

Verksemda har ei svært samansett arbeidstakargruppe. Nokre arbeidar fast dagtid, andre arbeider skift i institusjon, og meir enn halvparten av medarbeidarane våre er støttekontaktar, besøksheimar og fosterheimar som har ansvar for oppfølging av eitt eller fleire barn og ungdommar.

 

Teieplikt

Alle som arbeider i TTBU, har teieplikt i tråd med lovverk.

Dersom vi skal samarbeide på tvers av avdelingane, må føresette skrive under på eit samtykkeskjema.

 

Kontakt oss:

Verksemda held til i lokalar på Husnestunet på  Husnes. Inngang sokkeletasjen frå parkeringsplass.

 

 

Postadresse:

Tiltak og tenester for barn og unge, Husnestunet, 5460 Husnes

 

Tlf. 53 46 16 90

Telefaks: 53 46 16 71

 

E-post: tiltak.tjenester.barn@kvinnherad.kommune.no

 

Åpningstid:

Måndag – fredag:

Kl 08.00 – 15.30

 

Verksemdsleiar Monika Haugland Solheim

 


Share on Facebook
Kvinnherad kommune, Rådhuset | 5470 Rosendal | man - fre 0800 - 1530 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no