Tiltak og tenester for barn og unge (TTBU)
Tiltak og tenester for barn og unge - TTBU yter tenester til barn, unge og foreldre. I tillegg er vi også eit støttesystem for barnehagar, skular og andre som arbeider med barn og unge. Vi ønskjer å vere tilgjengelige, men for nokre tenester er det ventetid.
Du kan kontakte den avdelingen du ønskjer hjelp frå, eller du kan kontakte sentralbordet vårt på 53461690.
Bruk gjerne "Tilmeldingsskjema TTBU" i sjølvbeteningsboksen boksen til høgre.
Du kan kontakte den avdelingen du ønskjer hjelp frå, eller du kan kontakte sentralbordet vårt på 53461690.
Bruk gjerne "Tilmeldingsskjema TTBU" i sjølvbeteningsboksen boksen til høgre.
Barneverntenesta
Barneverntenesta skal bidra til at barn og unge i kommunen har gode levekår og høve til ei positiv utvikling. Når barna på grunn av forholda i heimen, eller av andre grunnar har behov for det, skal barneverntenesta gje råd, rettleiing eller setje inn andre former for hjelpetiltak.
Vi legg vekt på nært samarbeid med foreldre og føresette.
Vi legg vekt på nært samarbeid med foreldre og føresette.
Helsestasjon
Helsestasjon er ein del av kommunehelsetenesta som utøver planmessig, helsefremmande og førebyggjande helsearbeid mot barn. Vi har kontor på Husnes, Rosendal, Sæbøvik og Hatlestrand.
Hjelpetiltak for barn og unge med funksjonsvanskar og deira familiar
Hjelpetiltak for barn yter tiltak etter lov om sosiale tenester til barn, unge og deira familiar. Tenesta er ein del av Tiltak og tenester for barn og unge (TTBU).
Bruk tilvisningsskjema TTBU ved søknad om tenester.
Bruk tilvisningsskjema TTBU ved søknad om tenester.
Pedagogisk Psykologisk teneste - PPT
Pedagogisk Psykologisk teneste skal bidra til at barn og vaksne med særskilde behov vert sikra gode utviklings- og opplæringstilhøve. Tenesta er ein del av Tiltak og tenester for barn og unge (TTBU).
Kven kan få tenesta:
- Barn og ungdom i grunnskulealder, 0–16 år.
- Foreldre/føresette til barn og unge.
- Skule- og barnehagetilsette.
- Andre med arbeidsoppgåver knytt til personar med særskilde
behov.
- Vaksne med spesielle behov, 19 år og oppover (etter endt
vidaregåande opplæring).

Utekontakten
Utekontakten er til for deg som er ungdom. Du finn oss i Ungdomssenteret på Husnes. Inngang nedsida av Husnes kulturhuset.