- Framsida
- Tenester
- Politikk
- Organisasjon
- For tilsette
- Postliste
- Tenestekatalog A-Å
- Skjema A-Å
- Arkivside
- Skjema
- Lenker
- Prosjektrom
- Treff oss på Facebook
Open søknadsfrist
Tilskot til lokale samlingar, skrifter og bøker
Det er høve til å søkje om tilskot til lokale samlingar, skrifter og bøker
GENERELLE RETNINGSLINER
1. Tilskot til frivillig kulturarbeid blir gitt til:
-
Medlemsbaserte lag og organisasjonar
-
Opne ungdomstiltak
-
Personar
-
Institusjonar som driv frivillig og/eller ikkje-kommersielt kulturarbeid for innbyggjarane i Kvinnherad.
Desse kan ikkje søkje om tilskot:
-
Organisasjonar / institusjonar som primært tek seg av medlemene sine yrkes- eller økonomiske interesser.
-
Organisasjonar som har til hovudoppgåve å samle inn pengar til tiltak utanfor kommunen.
-
Tiltak / arrangement som har til føremål å skaffe inntekter.
-
Aksjeselskap
-
Informasjons-, aksjons- og interesseorganisasjonar.
-
Politiske parti/organisasjonar
-
Næringsaktørar som t.d. skjenkestader
Lag som driv opne lagshus kan søkje om stønad til drift av huset uavhengig av andre reglar i dette punktet.
Komité for oppvekst, kultur og idrett har høve til å dispensere frå desse unntaka ved spesielle tilhøve.
2. Det kan gjevast følgjande type stønad:
- Driftstilskot til lag og hus
- Byggetilskot
- Underskotsgaranti ved opne arrangement
- Tilskot til lokale samlingar, skrifter og bøker
- Frivillige tiltak
- Ungdomstiltak
- Kjapt svar
Ved særlege tiltak, som ikkje kjem inn under dei ulike tilskotsordningane, kan det søkjast spesielt.
Det blir berre gitt tilskot frå ei tilskotsordning til same tiltaket. Vi praktiserer fullført sakshandsaming og viss ein ser at søkjar har søkt på ”feil” ordning vil søknaden verte overført til korrekt ordning, til beste for søkjar.
Det skal søkjast skriftleg, på riktig skjema.
Alle søknader skal dokumenterast med budsjett og/eller rekneskap. Det må visast behov for tilskot og budsjett skal være realistiske og i balanse.
3. Det er eit vilkår for å få kommunale tilskot at Følgjekort (gratis tilgjenge for naudsynt
følgjeperson for funksjonshemma) vert akseptert ved kulturarrangement.
TILSKOT TIL LOKALE SAMLINGAR, SKRIFTER OG BØKER
Etter søknad og vurdering kan det gjevast tilskot til lokale samlingar, skrifter og bøker.
Det er ein føresetnad at arbeidet vert utført påfrivillig basis og at tiltaket ikkje skal gi søkjaren inntekt.
Tilskot blir gitt på følgjande vilkår:
Tilskot blir gitt på følgjande vilkår:
- Registrering og oppbevaring av materialet skjer i samsvar med gjeldande retningsliner. Rettleiing kan ein få på kulturkontoret
- Søknaden må innehalde budsjett for tiltaket og ei framstilling av omfanget av arbeidet
- Kvinnherad kommune får vederlagsfritt og etter avtale eit bestemt antal bøker til bibliotek og lokalhistorisk samling
- Kvinnherad kommune får vederlagsfritt kopi eller tilgang til det innsamla materiale
- Innsamla foto vert ein del av den kommunale fotosamlinga og vert registrert og digitalisert i biblioteksystemet Bibliofil.







