Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image

Open søknadsfrist

Tilskot til frivillige tiltak

Tilskotet skal nyttast til ekstraordinære tiltak som ikkje er omfatta av andre kommunale ordningar.
GENERELLE RETNINGSLINER
 

1. Tilskot til frivillig kulturarbeid blir gitt til:

  •  Medlemsbaserte lag og organisasjonar

  • Opne ungdomstiltak

  • Personar

  • Institusjonar som driv frivillig og/eller ikkje-kommersielt kulturarbeid for innbyggjarane i Kvinnherad.

 Desse kan ikkje søkje om tilskot:

  • Organisasjonar / institusjonar som primært tek seg av medlemene sine yrkes- eller økonomiske interesser.

  • Organisasjonar som har til hovudoppgåve å samle inn pengar til tiltak utanfor kommunen.

  • Tiltak / arrangement som har til føremål å skaffe inntekter.

  • Aksjeselskap

  •  Informasjons-, aksjons- og interesseorganisasjonar.

  •  Politiske parti/organisasjonar

  •  Næringsaktørar som t.d. skjenkestader

 Lag som driv opne lagshus kan søkje om stønad til drift av huset uavhengig av andre reglar i dette punktet.

Komité for oppvekst, kultur og idrett har høve til å dispensere frå desse unntaka ved spesielle tilhøve.

 2. Det kan gjevast følgjande type stønad:

  •  Driftstilskot til lag og hus
  • Byggetilskot
  • Underskotsgaranti ved opne arrangement
  • Tilskot til lokale samlingar, skrifter og bøker
  •  Frivillige tiltak
  • Ungdomstiltak
  • Kjapt svar

Ved særlege tiltak, som ikkje kjem inn under dei ulike tilskotsordningane, kan det søkjast spesielt.

Det blir berre gitt tilskot frå ei tilskotsordning til same tiltaket. Vi praktiserer fullført sakshandsaming og viss ein ser at søkjar har søkt på ”feil” ordning vil søknaden verte overført til korrekt ordning, til beste for søkjar.

Det skal søkjast skriftleg, på riktig skjema.

Alle søknader skal dokumenterast med budsjett og/eller rekneskap. Det må visast behov for tilskot og budsjett skal være realistiske og i balanse.

 3. Det er eit vilkår for å få kommunale tilskot at Følgjekort (gratis tilgjenge for naudsynt

følgjeperson for funksjonshemma) vert akseptert ved kulturarrangement.

 FRIVILLIGE TILTAK

Tilskotet skal nyttast til ekstraordinære tiltak som ikkje er omfatta av andre kommunale
ordningar, jamfør Tilskot til allment Kulturarbeid i Kvinnherad Kommune.
 
  • Kurs/kompetanseheving
    Leiar- og motivasjonskurs for alle med styre- og instruktøroppgåver i frivillig sektor. Kompetanseheving og utvikling – støtte for deltaking på kurs og konferansar med fokus på motivasjon, fornying, auka frivilligheit og mål om å heve kvaliteten på arbeidet.

  • Aktiviserande tiltak for eldre                                                                                                                         Tiltak frå 3. sektor særleg retta mot dei eldre i kommunen. Det kan vere pensjonistfestar eller andre aktiviserande tiltak.
  • Tiltak for ung                                                                                                                       Tiltak der det frivillige skipar til aktivitetar for born og unge i feriane.                                   Tiltak der det vert gjort ein ekstra innsats for å skapa nye aktivitetstilbod for unge.                                                                                                                                                Haldningsskapande arbeid for born og unge. Det kan vere rusførebyggjande tiltak/ tilskipingar og ekstra tiltak i MOT programmet.
  • Tiltak for andre                                                                                                                                                       Tiltak der det vert gjort eit stort frivillig arbeid til beste for lokalsamfunnet. Dette er ofte tiltak der ein har frivillig, men manglar midlar til naudsynt innkjøp for å utføra ei teneste. I andre høve finst det gode støtteordningar, men ein manglar arbeidskraft. Det som merker seg ut her er såkalla kulturvernoppgåver - restaurering, rydding, merking og skilting.                                                                                                                                                                                      
  • Tiltak der lag og organisasjonar gjer ein ekstra innsats for å inkludere nye grupper i frivillig aktivitet, t.d. flyktningar, uorganisert ungdom og funksjonshemma.

  •  Andre ålmennyttige tiltak kan verte vurdert

 


Kvinnherad kommune, Rådhuset | Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal | Man - fre 08.00 - 15.30 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no