Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image

Tilsette i kommunen har gjennomført kurs i nynorsk

Mål: Å skriva eit språk som er godt, rett, lettfatteleg og presist!

Kvinnherad er ein nynorskkommune der alle tilsette i administrasjonen brukar nynorsk i arbeidet. I oktober har 18 tilsette i kommunen, først og fremst dei saksbehandlarane som skriv flest saker til politisk handsaming, men også dei nyast tilsette saksbehandlarane, gjennomført eit 2 dagars kurs i nynorsk. Målet for kurset er at språket vårt skal bli så godt og forståeleg at saker vi sender til politisk handsaming, ikkje kan misforståast eller tolkast ulikt, og at saksbehandlarar i skriftleg kontakt med brukarane uttrykkjer seg enkelt, ikkje for stivt, og gjerne nær talespråket.

Bakgrunnen for kurset er eit samarbeid mellom Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) og Høgskulen i Sogn og Fjordane, der arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve.  Kurset som dei tilsette i kommunen har gjennomført heiter "På saklista", og kursheftet er skrive av førsteamanuensis ved høgskulen, Jan Olav Fretland. .


Share on Facebook
Kvinnherad kommune, Rådhuset | 5470 Rosendal | man - fre 0800 - 1530 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no