- Framsida
- Tenester
- Politikk
- Organisasjon
- For tilsette
- Postliste
- Tenestekatalog A-Å
- Skjema A-Å
- Arkivside
- Skjema
- Lenker
- Prosjektrom
- Treff oss på Facebook
Tilflyttarsamling
Torsdag den 7.oktober vert alle som melde flytting til Kvinnherad i 2009 og fyste halvdel av 2010 invitert til ei samling i Kommunestyresalen
Følgjande brev vert send i posten til dei som har flytta hit:
Gode kvinnhering!
Kvinnherad kommune og Kvinnherad Næringsservice vil med dette ynskja deg hjarteleg velkomen til kommunen,
håpar at du trivst her.
Same kor du har etablert deg vil du finna flott natur og eit rikt kulturliv. Du vil finna mange små bygder og
lokalsamfunn og større bygder med sentrumsfunksjonar som handel og service. Vonar at du har møtt og vil
møta mange trivelege menneske.
Me ynskjer å møta deg/dykk ved å laga ein møteplass i
Kommunestyresalen i Rosendal den 7. oktober 2010 kl. 17.00
der me inviterer dykk som har flytta til Kvinnherad kommune i året 2009 og fyste halvdel av 2010.
Dtte vil me markera med eit program og ved å trekkja ein ”tilflyttarpris” på alle namn som er registrert tilflytta i denne perioden, og som kjem til samlinga.
Program:
Velkomen v/ordførar Synnøve Solbakken
Innslag v/Kvinnherad Kulturskule
Kvinnherad Næringsservice v/Silvia Tofte
Erfaringar med å starte bedrift i Kvinnherad v/Irene Ravndal, Irom, Rosendal
Undarheim skule – ein inkluderande skule v/rektor Anne Sofie Bjelland Kjeka
Kaffi og mjelkekaker – Trekking av ”tilflyttarprisen”
Vaksenopplæringa v/Elisabeth Croles
Bygdemobilisering Fjelbergøyane v/prosjektleiar for Liv og Lyst, Arve Fosse
Innspel til kommunen
Påmelding innan 4. oktober
med navn og adr. på dei som kjem.
Telefon 53 48 31 00
Eller e-post: karin.thauland@kvinnherad.kommune.no
Helsing frå Kvinnherad Næringsservice v/ Silvia Tofte og Kvinnherad kommune







