Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image

Tilflyttararrangement 2011

Tilflyttarprisen 2011_500x332
Torsdag ettermiddag arrangerte Kvinnherad Næringsservice og Kvinnherad kommune ei samling for tilflyttarene som melde flytting til kommunen det siste året. 61 nye innbyggjarar var samla i kommunestyresalen

Det var send ut invitasjon i posten tildei 330 som melde flytting siste halvår 2010 og første halvår 2011. Nokre av dei 61 som kom hadde med seg ein ven eller eit familiemedlem slik at det vart folksomt i salen.

Arrangementet starta med at ordførar Synnøve Solbakken ønskte velkommen og elevar frå kulturskulen spelte. Det var Louise Årthun Bergane og Solveig Karine Bu som gledde oss med vakre pianotoner.

Leiar av Kvinnherad Turlag Anne Kari Enes fortalde om alle aktivitetane laget har for alle aldersgrupper. På tur kan en bli kjent med folk og oppleve naturen. Ho ønskte alle velkomen til å vere med i turlaget.

Bjørn Sturle Hillestad presenterte bedrifta Noreq og trakk deira tilflyttarpris på kr 10.000. Prisen vart trekt ut mellom dei påmelde medllom 12 og 35 år. Det var femten år gamle Morten Wilhelmsen fra Rosendal som vart den helige vinnar.

Eigar av bedrifta Isrosa i Herøysund fortalde om sitt møte med Kvinnherad som  etablerar og innflyttar i 2006.

I pausen vart det god drøs over en kaffikopp og Baketunet i  Omvikedalen sine mjølkekaker.

Kommunen sin tilflyttarpris gikk til en av de yngste i år og. Det var Jonas Rørvik Gjerde som stakk av med pengane. Han er født i 2010.

Den nye verksmemdsleiaren på Undarheim skule Gry Hege Rønningen fortalde engasjert som sin skule og om Kvinnherad kommune si satsing på skulane.

Siste innslaget var det to engasjerte Åkrainnbyggjarar som hadde. Venke Engevik Ølvestveit og Heidi M. Vågen fortalde glødande om alt det positive som skjer i Åkra og deira satsing på Liv og Lyst - prosjektet med midlar frå fylket. Dei drog spesielt fram deira satsing på integrering av innflytarkvinner.


Share on Facebook
Kvinnherad kommune, Rådhuset | 5470 Rosendal | man - fre 0800 - 1530 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no