Tildelingsgruppa for Kvinnherad kulturstipend har delt ut Kvinnherad kulturstipend for 2018. Det var 9 søkjarar og eit stipend på 50 000,- som skulle delast ut.

Det var eit svært høgt nivå på søkjarmassen med fleire gode kandidatar som representerte ulike uttrykk. Gruppa vurderte fleire av kandidatane som verdige mottakarar av stipendet. Tildelingsgruppa sitt val fall på å dela ut Kvinnherad kulturstipend på kr. 50 000,- til Torstein Lund Eik.

Torstein er fødd og oppvaksen i Kvinnherad og er no i sluttfasen av eit studie ved Norsk fotofagskule i Trondheim. Her har han valt å jobba med reportasjesjangeren, ei forlenging av utdanninga hans som journalist.

Torstein har gjennom studiet sitt mellom anna arbeida med eit prosjekt som tek for seg verneverdig handtverk og unge menneske som vel å jobba med dette. I eksamensoppgåva si  valde han å dokumentera arbeidet til hardingfelemakarane her til lands.

Torstein blandar dokumentargenren med dei litt meir isenesette portretta og fotografia, for å få ei blanding. Som fotograf let han seg fasinere av Noreg og det Norske og kva det er som gjer nordmenn til nordmenn.

Tildelingsgruppa la i utveljinga særleg vekt på Torstein sitt prosjekt med å dokumentera kulturarven vår på ein flott og spennande måte gjennom fotografia sine. Han formidlar gjennom arbeida sine kulturarven vår på ein måte som treff ein ny generasjon.

Torstein ynskjer å arbeida vidare med eit prosjekt som handlar om unge bønder, kvifor dei gjer som dei gjer og kva jobben deira eigentleg går ut på. Dette prosjektet ynskjer han å starta med allereie i Sommar og då høvevis i Omvikdalen og Kvinnherad.

Kvinnherad kulturstipend er eit samarbeid mellom Sparebank 1 SR-Bank, Sunnhordland kraftlag, Hydro Husenes, Sparebanken Vest og Kvinnherad kommune.  Tildelingsgruppa for årets stipend har vore Synnøve Handeland frå Sparebank 1 SR-Bank, Jan Petter Myhre frå Sunnhordland kraftlag, Ágúst Magnusson frå Kvinnherad kultursenter og Linda Øen frå Kvinnherad kulturkontor.