Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image

Tertialrapport 1 / 2010

Tertialrapport_2010_1_teaser
I tertialrapport 1/2010 ser ein først og fremst på den økonomiske utviklinga etter fire månader. I tillegg blir det peikt på ein del viktige samfunnstrekk så langt i året.

Tertialrapport 1/2010 kan lastast ned via lenka under denne artikkelen.

I tråd med vedteke årshjul skal rådmannen gjennom årsmelding, rekneskap, og to tertialrapportar orientere kommunestyret om utviklinga i kommunen. I tillegg skal formannskapet fortløpande orienterast om den økonomiske stoda.

I tråd med oversendingsforslag frå møte den 04.02.10 vil rapporten også sjå nærmare på deler av tenesteproduksjonen og på utvalde KOSTRA-tal frå mars 2010.

I motsetning til tidlegare år ser det i år ut til å kunne gå mot balanse i lønsbudsjettet. Når det likevel kan gå mot ei overskriding av tildelte rammer er årsaka følgjande:

  • 2,0 mill. kr til sluttføring av arbeidet med eigedomsskatt er ikkje med i budsjettet.
  • Energikostnadane er minst 3,0 mill. kr for låge i godkjent budsjett.
  • Kostnadane med snøbrøyting i vinter har påført kommunen ein ekstrakostnad på 2,0 mill. kr.
  • Ramma til Rosendalssona er for låg i høve til dei andre sonene, og må aukast med 1,0 mill. kr.


Share on Facebook
Kvinnherad kommune, Rådhuset | 5470 Rosendal | man - fre 0800 - 1530 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no