Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image

TERS-MIDLAR TIL OMVIKDALEN SKULE

Omvikdalen skule med Margunn Eik som prosjektleiarer, er glad for å ha fått 80 000 kroner frå TERS til å lage undervisningsopplegget Vatn i naturen.

TERS står for teknologi og realfagsamarbeid mellom skule og næringsliv.

OmvikdalenEin del av midlane går til innkjøp av nytt utstyr til naturfagrommet. Skulen kjem til å kjøpe inn LEGO-byggjesett med tema teknologi, design og energi. I tillegg vert det kjøpt inn naturfagutstyr som mikroskop, datalogger (måleutstyr for lyd, lys, ph, temp. mm), biologisk feltutstyr, oppslagsverk for planter og for insekt/smådyr i ferskvatn.

Elevane skal få ta del i varierte læringsaktivitetar og mange praktiske aktivitetar som til dømes forsøk med vatn og undersøkingar i og langs elva.

Vatn som energikjelde vert óg eit tema som elevane skal lære meir om, og dei yngste skal få byggje kvernkall. Skulen håpar på å få til besøk på lokale småkraftverk og energiverksemder.

Utstyret og undervisingsopplegget skal vera tilgjengeleg for andre skular i kommunen.


Share on Facebook
Kvinnherad kommune, Rådhuset | 5470 Rosendal | man - fre 0800 - 1530 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no