Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image

Tenk på følgjande før du sender brev eller e-post til Kvinnherad kommune

• All post til og frå kommunen er offentleg, om den ikkje er underlagt teieplikt.
• All post kjem på postlista, den er offentleg og tilgjengeleg på internett
• Alle brev kan lesast direkte på nett via postlista, om dei ikkje er underlagt teieplikt

Du kan difor finna igjen brevet ditt omtalt, sitert frå eller til og med fullstendig gjengitt i avisa, eller i nyhende på radio og TV.   Vi har oppmoda lokalavisene til å kontakta avsendar om dei vil gjengje heile eller store deler av brev til oss frå privatpersonar, men dei har ikkje plikt til dette.

Teiepliktige opplysningar kjem ikkje på postlista!
Ein del opplysningar er teiepliktige, m.a. det som gjeld personlege tilhøve, forretningsløyndomar o.a. (Forvaltningslova § 13). Slike opplysninger skal du ikkje finna på postlista eller i dokument du finn der. (Skulle det ha skjedd en glipp, ring oss omgåande.) Lovbestemt teieplikt gjeld i alle klientforhold m.a. – helse, sosial, skule, barnehage m.v.

I nokre høve nyttar vi tilgangskode IP (ikkje publisert) på dokument som er offentlege, men ikkje blir lagt ut i fulltekst på nettet. Fødselsnummer og kontonummer er t.d. ikkje ”personlege forhold”, men skal likevel ikkje publiserast på nettet. Publikum kan få lesa dokument som er merka med IP ved å venda seg til arkivet og spørja etter det.

Vanleg epost er ingen trygg sendemåte, den kan bli snappa opp av andre før den kjem til mottakar, havna på feil adresse og liknande. Send difor aldri sensitive opplysningar i epost utan kryptering.

Sjekk postlista
Har du sendt oss eit brev eller ein epost, kan det være lurt å sjekka på postlista (lenke i menyen til venstre) om det er kome fram. Det bør stå på postlista 2-4 yrkedager etter at du sende det (epost 0-1 yrkedager). Finn du det ikkje på lista etter ei veke bør du ta kontakt med oss.

 



Share on Facebook
Kvinnherad kommune, Rådhuset | 5470 Rosendal | man - fre 0800 - 1530 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no