Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image
Logo Teknisk

Tekniske tenester

Administrasjonskontoret er plassert i rådhuset, Rosendal

Kontakt

Verksemd: Tekniske tenester Org.nummer:  964967636
Leiar: Ernst Olsen Telefon: 53 48 31 00
Adresse: Rådhuset    
Postnummer: 5470 Poststad: Rosendal
ePost: ernst.olsen@kvinnherad.kommune.no Anna webadresse:  

 

Kvinnherad rådhus

Tenester

 

  • VA, drift og vedlikehald, gebyr
  • Drift og vedlikehald av kommunale bygg
  • Prosjektering og utbygging
  • Forvalting, kjøp og sal av kommunale eigedommar
  • Kommunale vegar og kaiar
  • Park, idrett og friområde
  • Brannvern og beredskap

 

 

Brannbil_120x165

Generelt

Tekniske tenester utøver tenestene sine over heile kommunen. Dei fleste som er knytt til den daglege drifta er lokalisert til Driftsbasen på Husnes, og administrert derfrå. I tillegg er driftspersonell lokalisert til Hatlestrand, Rosendal og Halsnøy. Driftsbasane har ansvar for all drift og vedlikehald knytt til dei ulike fagområda. Ialt 110 tilsette er knytt til driftsbasane. Av desse er 85 knytt til reinhald og 25 til drift og vedlikehald av bygg og anlegg. Kontoret på rådhuset har ansvar for fagleg utvikling og fagstøtte til drifta. Kontoret har og ansvar for all planlegging og gjennomføring av alle utbyggingstiltak innanfor bygg og anlegg. Tekniske tenester har forvaltningsansvaret for kommunen sine eigedomar, bygg og anlegg, og oppgåver knytt til dette. Brann og beredskap med ca 90 friviljuge brannmannskap er administrert frå kontoret. Tekniske tenester sitt kontor på rådhuset har pt 15 tilsette.

Satsingsområde

Tekniske tenester arbeider for å gjennomføra alle vedtekne utbyggingsoppgåver innanfor gitte kostnadsrammer og tidsfristar, og til høgast mogeleg standard. Vi arbeider med å byggja opp kapasitet og kompetanse innanfor eigedomsforvaltning for å oppnå ei best mogeleg forretningsdrift. Organisasjonen er under utvikling for å kunna ivareta bygg og anlegg på best mogeleg måte, ut frå gitte ressursar. For skular, barnehagar og eldreinstitusjonar er inneklima og branntryggleik prioriterte område.

Visjon

Tekniske tenester er leiande innanfor sine fagområde, og opptrer som ein profesjonell aktør og medspelar i utviklinga av lokalsamfunnet.

 

Tekniske tenester er i fremste rekkje samanlikna med andre kommunar i regionen, og interessant som samarbeidspartnar og leverandør av kompetanse.

 

 


Kvinnherad kommune, Rådhuset | Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal | Man - fre 08.00 - 15.30 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no