- Framsida
- Tenester
- Politikk
- Organisasjon
- For tilsette
- Postliste
- Tenestekatalog A-Å
- Skjema A-Å
- Arkivside
- Skjema
- Lenker
- Prosjektrom
- Treff oss på Facebook
Talentfull ungdom med både fagbrev og studiekompetanse

Peter Raa Alvheim (20) frå Hatlestrand er den første frå Kvinnherad som har teke vidaregåande utdanning innan tekniske og allmenne fag (TAF) helse med dobbel kvalifikasjon, nemleg både fagbrev og studiekompetanse.
![]() |
| Peter Raa Alvheim |
På berre fire år har Peter Raa Alvheim oppnådd både fagbrev og studiekompetanse innan helsefag. Det er studentar i kommuen som har teke liknande utdanning på kort tid innan mekaniske fag, men Peter er den første som tek denne kombinasjonen innan helse. Til våren er 20-åringen ferdig med studiane ved Fusa vidaregåande skule på Eikelandsosen. Peter har studert TAF helse og tek sikte på å studere vidare på medisin. I tillegg er ungdomen frå Hatlestrand svært god i volleyball og spelar på 1. divisjonslaget i Hardanger Volley. Då han tok til på utdanninga på Fusa, var dei fem elevar på det første kullet og Peter var den einaste frå Kvinnherad. Kvinnherad kommune er svært stolte over den unge studenten som har teke utdanning og fagbrev på rekord tid. – Som kommune er vi stolte over Peter, seier HR-rådgjevar Torstein Aarthun. Då Peter Raa Alvheim fekk høyre om utdanninga, var han ikkje i tvil om at dette var det rette for han.
– Kvifor satsa du på utdanning og praksis samstundes?
– Eg synes kombinasjonen mellom skule og praksis passar svært godt. Når ein får sjå korleis pasienthandteringa føregår i praksis, vert det mykje lettare å forstå teorien på skulen, og læringsutbytte vert difor større. Samstundes vert vekedagane kortare når ein får blandinga med både praksis og teori.
– Korleis har det vore å studere på Fusa vidaregåande skule?
– Eg har hatt fire kjekke år. Det er ein skule eg kan anbefala på det sterkaste. Skulen har dyktige lærarar og det er eit godt elevmiljø. Eg arbeider saman med ein som har starta same linja, og neste år veit eg det kjem to nye studentar.
– Korleis har det vore å jobba i Rosendal og på Ølve?
– Hovudpraksisen min har eg hatt på Ølve alderspensjonat. Her har eg fått god vegleiing og opplæring av flinke fagpersonar. Begge foreldra mine jobbar der, så det var trygt å begynne praksisen der. Det første året var det naturleg nok mykje uvant for meg. I Rosendal har eg jobba på skjerma avdeling og ein pleieavdeling. Rosendalstunet er ein flott og lærerik arbeidsplass med mange positive og dyktige arbeidskollegaer. Eg har også hatt praksis ved Omstun Her fekk eg god grunnleggjande forståing av arbeid innan psykiatrien. Eg har trivast godt på alle dei ulike avdelingane og vil nytte høve til å helse til alle dei som eg har jobba med!
– Kva lærte du i jobbane?
– Eg trur eg har utvikla meg som menneske gjennom denne utdanninga. Eg er blitt meir open og har stor respekt for dei eldre og ikkje minst alle dei som strevar med sjukdom og funksjonsproblem i kvardagen. Me har mykje å læra av dei eldre, og eg har hatt mange kjekke samtaler med dei.
– Kvar skal du utdanne deg vidare?
– Eg har lyst å fordjupa meg vidare innan helsefaget og har svært lyst å studera medisin.
– Kor skal du ha sommarjobb?
– Eg har fått sommarjobb ved Ølve alderspensjonat. Eg har tatt medisinkurs og fått ansvarsvakter då eg er ferdig utdanna helsefagarbeidar med fagbrev.
– Er det legeutdanning du vil satse på?
– Ja, men kva retning innan faget veit eg ikkje enda, det får eg god tid til å vurdera undervegs i studiet. Eg har hatt ein kjekk praksisplass på hjarteavdelinga ved Haukeland sjukehus. Her var det enormt travelt, men veldig lærerikt. Eg tok EKG og fekk vera med å sjå på hjarteoperasjonar. Dei fire praksisvekene her gjekk utroleg fort! (Elektrokardiogram (EKG) er registreringa av hjertet sin aktivitet og vert brukt til å diagnostisere mellom anna hjarteinfarkt og rytmeforstyrringar i hjartet).
– Korleis passar utdanninga inn i yrkeskarrieren?
– Det er eit flott opplegg for alle, både dei som ynskjer å jobba som helsefagarbeidar med alle dei utfordringane det inneber, men også ein god moglegheit for vidare utdanning innanfor høgskule og universitet. TAF-systemet har dei realfaga som trengst.
– Kvar trur du at du kjem til å bu eller få din første jobb?
– Eg satsar på utdanning i Bergen. Her har eg nær familie. Kor min første jobb blir er ikkje lett å spå – tida får vise. Eg er en person som trives godt på landet, og eg ser ikkje bort ifrå at eg kjem attende til kommunen etter studiane. Eg kjem uansett til å jobba som ekstravakt her i kommunen.
![]() |
| Brødrene Sondre (t.v.) og Peter Raa Alvheim stortrivest med volleyball (Foto privat). |
– Kva brukar du fritida til?
– Mykje av fritida mi brukar eg på volleyball. Eg speler både inne - for Hardanger Volley i 1.divisjon og sandvolleyball om sommaren. Elles liker eg godt fjellturar. Me har hytte på Mjølfjell og der er det flotte tilhøve både vinter og sommar. Favorittfjellet her lokalt er utan tvil Melderskin!
– Vil du satse vidare på volleyball?
– Eg kjem nok alltid til å driva med volleyball. Eg har ein talentfull yngre bror, Sondre, som eg trener og speler sandvolleyball saman med. Me vil nok prøve å satsa framover kombinert med studiar. Det er viktig å ha noko anna å driva med utanom, men i mitt hovudet kjem skule og studie først!
Fakta Tekniske og allmenne fag (TAF)
• TAF skjer i samarbeid med den vidaregåande skulen og lokalt næringsliv, både privat og offentleg. Etter fire år får studenten dobbelt kvalifikasjon: både fagbrev og studiekompetanse med fordjuping i realfag (matematikk, fysikk og kjemi). Ein får teoretisk opplæring på skulen og praktisk opplæring ved samarbeidsbedriftene som er med i TAF-ordninga.
• De fleste bedriftene betaler alt skolemateriell, og i tillegg får du lønn fra første dag.
• Fusa vidaregåande skule tilbyr TAF – utdanning innan mekanisk, marin og helse.
• Utdanninga gjev grunnlag for opptak til Universitet og alle høgskular, inkludert NTNU i Trondheim.








