Taksering for eigedomsskatt

Bakgrunn for arbeidet
Kvinnherad kommune vedtok den 18. desember 2008 at det skal innførast eigedomsskatt for alle eigedomar i Kvinnherad kommune. Unnateke er dei eigedomar som er nemnde i eigedomsskattelova §5 (gjeld eigedomar stat og kommune eig) og dei som kommunestyret gjev unntak frå etter §7 (stiftingar som gagnar ein kommune, fylke eller stat, bygning med historisk verde, bygning som etter visse vilkår er nytta som bustad). For å få grunnlag for utskriving av skatt skal alle eigedommar no takserast.
Eigedomsskattelova av 1975 vart endra i 2006. Endringa opna for at det kunne skrivast ut eigedomsskatt for heile kommunen. Takseringa av eigedomane skal skje med heimel i Byskatteloven sin §5:
“Ved taksering ansættes eiendommens takstverdi til det beløpsom eiendommen efter sin beskaffenhet, anvendelighet og beliggenhet antages at kunde avhændes for under sedvanlige omsætningsforhold ved fritt salg.”
Kommunestyret vil i samband med budsjetthandsaminga for 2010 ta stilling til kor stort skattetrykket vert. Takseringa er for å få fram ein best mogeleg reell verdi av eigedomen.
Det er i dag eigedomsskatt på ”verk og bruk” og på eit avgrensa område i Rosendal og Husnes. Dei eigedommane som i dag har eigedomsskatt skal og takserast på ny.
Kva skal takserast?
I utgangspunktet skal alle eigedomar i kommunen takserast etter prinsipp som sikrar likehamndsaming. Hovudgruppene av eigedommar som skal takserast er:
- Tomter som ikkje er bygde på
- Bustader
- Hytter/fritidshus
- Våningshus på gardsbruk
- Garasjar til bustadar/naust
- Uthus Næringsbygg/forreningsbygg
- Andre bygg
Kva skjer og korleis?
Frå midten av august og ut året 2009 vert det halde takst på alle eigedomar i kommunen. Som grunnlag for taksten har vi opplysningar som ligg i ”Matrikkelen” (landsdekkande arkivsystem for Grunneigedomar, Adresser, Bygningar) og i kommunen sitt arkiv. Matrikkelen inneheld opplysningar om storleik på bygg, tomter og liknande. Takseringa vert gjort av synfaringspersonale som føretek ei utvendig synfaring og vurdering. Der det er manglar eller feil opplysningar, vert det gjort oppmåling i samband med synfaringa. Eigar treng ikkje vera tilstades under synfaringa. Dersom eigar ynskjer vera med, må kommunen få melding om dette slik at det kan innarbeidast i reiseruta. Etter gjennomført takst vil alle eigarar få tilsendt grunnlaget for taksten for kontroll. Vi oppmodar at alle vil sjekka desse opplysningane nøye, slik at grunnlaget vert rettast mogeleg før vedtak om takst vert endeleg gjort. Talfakta frå Matrikkelen og rapport frå synfaringa gjev grunnlag for takst. Denne vert handsama og vedteken av ei politisk vald nemnd. Klage over vedteken takst vert handsama av ei politisk vald ankenemnd.
Dokument med rammer og rettleiing:
- Rammer og retningsliner for taksering for eigedomsskatt.pdf (sist oppdatert 21.04.2010)
- Måling av kjellar og loft.pdf
- Retleiar for handsaming av klager i eigedomsskattesaker.pdf





