Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image

Taket på Hatlestrand skule rydda for snø

20 personar frå Tekniske Tenester rydda igår taket på Hatlestrand skule for snø.
Pause i arbeidet
Pause i arbeidet

Taket på symjehallen ved Hatlestrand skule raste som kjent saman på søndag. Årsaka til at takkonstruksjonen braut saman er ikkje klarlagt, men tyngda av snøen på det flate taket har truleg verka inn. Det er flatt tak på heile skulen, og ein bestemte å fjerna snøen frå heile taket.
I går var 20 mann frå Tekniske Tenester på plass. I løpet av 5 timar vart heile det omlag 2000 m2 store taket måkt. Det låg jamnt over 60 cm snø på taket. Det vil seia at vekta på den snøen som vart fjerna var omlag 300 tonn.
 



Share on Facebook
Kvinnherad kommune, Rådhuset | 5470 Rosendal | man - fre 0800 - 1530 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no