Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image

Jordmortenesta

Jordmorbilete
Jordmortenesta er knytta til helsestasjonen. Vi har kontordagar på Husnes, i Rosendal, på Sæbøvik og på Hatlestrand.
I Norge er helseoppfølginga i graviditeten eit gratis offentlig tilbod du kan velja å nytta deg av.

I Kvinnherad er vi to jordmødre i 75% stilling. Dei dagane vi ikkje er på kontoret, kan du henvenda deg på helsesenteret hos fastlegen om du har spørsmål eller behov for anna hjelp.

Jordmor i Kvinnherad har og vaktordning frå kl. 15 – 08 neste dag og heile døgeret i helgane (når helsesenteret er stengt). I hovudsak vert vi kontakta ved fødsel og fylgjer den fødande til sjukehuset. Dei gravide kan og ringje oss om det ellers er noko dei lurer på / problemstillingar skulle oppstå i svangerskapet.

Legevaktsentralen har alltid oversikt over kva jordmor som har vakt. Telefonnr. til legevaktsentralen er 53473300

 

Svangerskapskontrollane

Fyrste kontroll veke 8 – 12 hos fastlegen.

Det er ynskjelig at den gravide kjem til fyrste kontroll hos jordmor rundt veke 16. Timebestilling på dei ulike helsesentera.

 

Veke 16: Informasjon om levesett i svangerskapet, deler ut informasjonsmateriell, informasjon om svangerskapsutvikling. Blodprøvar tatt? Anamnese / kartleggje individuelle behov mtp vidare oppfylging som td arbeidssituasjonen. Informasjon om fødselsførebuande samtale.

 

Veke 17-19:Ultralyd

 Veke 24, 28, 32, 36, 38, 40, 41 (ellers etter behov):

Tilbod om kontroll hos jordmor (valgfritt om ein vil ha oppfylging av lege eller jordmor).

Individuelt tilpassa oppfylging og informasjon ved kvar kontroll.

Kontroll av S/F mål, vurdering av leie, lyttar på fosterlyd / høyrer med kvinna at ho kjenner liv, ktr av bt og urinprøve.

Ktr av hb i veke 8, 28 0g 36.

 

Veke 28: Permisjon / fødselspengar, søkje NAV om dette.

Samtale om fødsel og barseltid. For fyrstegongsfødande set vi av ein dobbeltime til dette.

 

Veke 32/36: Snakke om amming

 

Veke 41: Henvise til overtidsvurdering på fødepoliklinikken

Ellers henviser vi til spesialisthelsetenesta når noko avviker frå det normale. Vi henviser og tidleg i svangerskapet ved fødselsangst for å planleggje den føreståande fødselen.

 

Tilsette i jordmordtenesta i Kvinnherad:

Hildegunn E. Aarthun

Irene Hjelmeland Haavik


 

 

 


Share on Facebook
Kvinnherad kommune, Rådhuset | 5470 Rosendal | man - fre 0800 - 1530 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no