Strikkar babysokkar til nyfødde

Nokre strikkeglade bestemødrer i kommunen har fått ideen om å strikke ullsokkar til nyfødde barn i kommunen. No deler helsesøstera ut sokkar til dei nyfødde til stor glede for foreldre.
![]() |
| Strikkar babysokkar |
Gunnvor L. Næs (83) frå Rosendal og Ragna Hjelmeland (85) frå Omvikdalen har i vinter strikka over 50 par sokkar som no ligg klare på helsestasjonen i Rosendal til å gje til nye samfunnsborgarar. Siste månadane har helsesøster Ragnhild Næs delt ut sokkar til babyane som kjem frå Uskedalen i sør til Mauranger i nord. Ei slik ordning er fleire stadar i kommunen, mellom anna har Hatlestrand helselag hatt ei ordning med å dele ut sokkar til dei nyfødde dei siste to åra.
![]() |
| Helsesøster Ragnhild Næs hjelper seks veker gamle Eileen Lycke Sundal på med nye sokkar. Mor Jannicke Næs takkar Ragna Hjelmeland og Gunnvor L. Næs for den flotte gåva (Foto: Anna K. Hellevang). |
Koseleg arbeid
Bestemødrene som er med på strikkinga synest at det er koseleg arbeid.
- Det er lettvint å ta med seg strikketøyet, det er snart gjort og det passar å strikke når ein sit og ser på fjernsyn, fortel Gunnvor L. Næs. På ei lita kveldsstund har dei drivne handarbeidsdamene klart eit par nye sokkar. Sokkane er i fleire fargar: rosa, lysblå, blå og kvit.
- Eg vonar det kan vere ei oppmuntring til foreldre og takk for at dei skaffar oss fleire barn i kommunen, seier Ragna Hjelmeland. I fjor var det babyrekord i skulekrinsen Omvikdalen/Matre med 17 nyfødde. Helsesøstera fortel at i alt var det fødd 33 barn frå Uskedalen til Mauranger.
Flott gåve
Torsdag 18. februar fekk Gunnvor L. Næs og Ragna Hjelmeland møte seks veker gamle Eileen Lycke Sundal, som fekk seg eit par nye rosa sokkar. Dei passa perfekt til den rosa treningsdressen hennar. Mor Jannicke Næs (21) som bur i Sundal takka hjarteleg for gåva.
- Eg synest det er kjempeflott å få sokkar. Dei var kjempegode, seier ho og tek sokkane på jenta. Ho seier at sokkane sit fint på og er akkurat passe strame. Ho trur at Eileen kan bruke sokkane dei første månadane, kanskje til ho er eit halvt år.
Helsesøsterene har æra av å dele ut sokkane.
� � Dette synest det er eit flott tiltak og eg vonar dette kan spreie seg til resten av kommunen, smiler helsesøster Ragnhild Næs.







