Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image

Strandsoneplan for Sunnhordland

2 Naust
Kvinnherad deltek i arbeidet med å utvikle felles strategiar og ein felles plan for strandsona i Sunnhordland. Prosjektet er ei bestilling frå politikarane i Sunnhordland.

Ved sida av målsettinga av å utvikla felles strategiar og ein felles plan for strandsona i Sunnhordland vil oppfølginga av prosjektet og skapa eit kompetanseforum for kommunane der ein kan føra ein løpande dialog med regionale mynde, og vera til støtte og hjelp for kommunane i det framtidige arbeidet med kommunal planlegging og forvaltning av strandsona.

Sunnhordlandskommunane har felles utfordringar når det gjeld forvaltning av strandsona og det er stor konflikt mellom lokale interesser for bruk og vern av strandsona og nasjonale føringar.

Prosjektet er organisert med ei styringsgruppe som er nedsett av Samarbeidsrådet som er slik samansett: Trond Sætereng leiar arbeidet saman med ordførar i Austevoll Helge A Njåstad og rådmann i Sveio Mikal Møller Hovda. Tore Bjelland er engasjert som prosjektleiar og følgjer m.a. opp ressursgruppa og konsulentar. Han rapporterar til Samarbeidsrådet v/dagleg leiar Gro Jensen Gjerde. Kvinnherad kommune er repressentert i ressursgruppa ved planleggjar Kjartan Thoresen.


Share on Facebook
Kvinnherad kommune, Rådhuset | 5470 Rosendal | man - fre 0800 - 1530 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no