Kor finn du konteinar og bossekker?

Gjermundshamn v/ hyttekonteinarane, Åkra v/ butikken, Enes motsett side for camping, Dimmelsvik v/gamleposten, Uskedalen v/gamleskulen, Husnes v/ gamle Undarheim skule, Sunde ferjekai, Utåker ferjekai, Landamarko kommunal grunn, Rosendal v/ nye branngarasjen.

Nyttige tips til ryddeaksjonen

  • SIM tilbyr 100 kr pr/sekk for lag og organisasjonar dersom dei leverer bosset direkte til mottak.
  • Det er også råd å nytte konteiner som står ute i perioden 8. - 15. april. For å få 100 kr pr/sekk må lag og organisasjonar melde inn ryddeaksjonen her. Ta bilete av området før og etter rydding, samt sekker som er plukka i.
  • Friluftsrådet Vest kan bidra med henting av boss med båt, reiseutgifter/drivstoff til båt, dugnadsmat.
  • Hold Norge Rent har ein ryddeportal der du kan få oversikt over ryddeaksjonane som er planlagt eller på gang og som har vore (ikkje alle ligg der). For å registrera din ryddeaksjon gå inn her
  • Dersom du har spørsmål kontakt synneve.skei@kvinnherad.kommune.no eller 901 46 818.