Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image

Strandryddeaksjon

Strandryddeaksjonen 6. - 9. mai

Vil du vera med på strandryddeaksjonen for å gi ditt bidrag til å kjempa mot marin forsøpling. Då kan du delta på den nasjonale strandryddeaksjonen.

Bosset kastar du i konteinar her:
GJERMUNDSHAMN ved hyttekonteinarane  
ENES motsatt side for Ænes camping 
DIMMELSVIK v/ gamleposten,
MATRE ferjekai
USKEDALEN v/ gamleskulen
HUSNES ved Statoil
SUNDE ferjekai
UTÅKER ferjekai
LANDAMARKO kommunal grunn
Bossekkar finn du ved alle konteinarane.
 
Det er viktig at ein prioriterer rydding av plast, not og tauverk som er til fare for menneske, fuglar og dyr. Om ein finn reint trevirke eller greiner kan ein vurdera å samla dette på land i kratt eller skog, slik at det ikkje driv på sjøen att. Alternativt kan ein søkja brannvesenet om å få laga bål av reint trevirke i strandkanten.
 
Dersom 6.- 9. mai ikkje passar for deg kan du oppretta din eigen aksjon.  Det er to måtar å gjera dette på. Les meir om korleis du går fram her:

Alternativ 1:

Gå inn på http://sim.as/vart-samfunn/ryddeaksjonar/ eller ved og ringja SIM 53457850. Etter registrering lyt ein vente på ei tilbakemelding før ein kan hente og levere sekker gratis på ein av SIM sine miljøsentralar. Ynskjer du meir informasjon? Ta kontakt med Janne Hillersøy janne.hillersoy@sim.as eller Arild Vik arild.vik@sim.as

Alternativ 2:

Gå inn på nettstaden holdnorgerent.no/ryddeportalen og sjå kor det allereie er oppretta aksjonar. Kanskje kan du bli med på ein av dei? Her kan du og oppretta din eigen aksjon og få din eigen aksjonskode.

Deretter må du kontakta Ragn-Sells A/s , avd. Sunnhordland  bjarte.barane@ragnsells.com eller 97555534 og gi dei aksjonskoden. Ragn Sells vil setja ut konteinar, sekker og hanskar på avtalt stad og henta konteinaren etter at aksjonen er avslutta .  Det er så langt planlagt aksjonar på Bømlo og Kvinnherad, Sveio og Stord, men det er framleis mange vikar og strender som treng rydding.  Fleire skuleklassar, idrettslag, båtlag, verksemder, privatpersonar og eldsjeler har meldt seg til teneste.

Friluftsrådet Vest kan etter nærare avtale hente innsamla strandsøppel med båt der ein ikkje kjem til med lastebil.

Du kan og ta kontakt med kommunen for meir informasjon om korleis ein skal gå fram for å komme i gang.

Lukke til!

 

                                                               

               

 


Kvinnherad kommune, Rådhuset | Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal | Man - fre 08.00 - 15.30 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no