Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image

Statens vegvesen,kontaktmøte

4 januar var det møte Kvinnherad med Statens vegvesen der bl.a. desse sakene vart diskutert:

Situasjonen kring Fureberg bru hastar det å få gjort noko med, planarbeidet må vera ferdig seinast i des.2012.Fureberg bru er og først på lista over rasutsette stader i området vårt.

Helland bru har til tider i døgnet mykje trafikk som medfører "kork" i vegkrysset og gjer det vanskeleg å komma seg inn/utpå hovudvegen spes. med store kjøretøy,det skapar uoversikteleg og farlege situasjonar,dette må prioriterast høgt  i trafikksikringsplanen me skal arbeida med i nær framtid, fleire løysingar vart drøfta i møtet.

Statens vegvesen vil laga ei skisse over kva kan gjerast for trafikksikerheten i krysset.Det har i lengre tid vert etterspurd gateljos for sykklande i dette området for å betra tryggleiken.

Halsnøyvegane,Tofte-Høylandsbygd har blitt utbetra,asfaltert, det har vore etterspurd støypekant på deler av vegen som tidligare hadde det,her blir det no sett opp rekkverk i 2012,veldig bra!

Sæbøvik er ein trafikkert stad der mange kryssar vegen i sentrum.Gangfelt har vore etterspurd,det blir no arbeida vidare med og ei trafikk teljing som i.f. Statens vegvesen blir utført på våren.

Fartshumpane vert vurdert fjerna i Toftebrekka no etter Tofte skule er flytta, det blir vurdert fartshumpar i Sæbøvik sentrum for å gjera det tryggare for gåande.

Lundssvingane,Seim er eit anna viktig vegprosjekt i Kvinnherad,her blir det arbeida for private midlar til vegomlegging der Kvinnherad kommune og fylkeskommunen må ta sin del av prosjektet.

Fjelbergsambandet,her ventar Statens vegvesen på uttale frå ein grunneigar i arbeidet med traseval,planarbeid.

Varaldsøy,planarbeiet med ny ferjekai skal starta i vår opplyste rådmann.

Statens vegvesen blei utfordra på å komma med ei oversikt på "utsiktspunkt "over stader ein kan stoppa gjennom Kvinnherad.

Synnøve

 


Share on Facebook
Kvinnherad kommune, Rådhuset | 5470 Rosendal | man - fre 0800 - 1530 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no