- Framsida
- Tenester
- Beredskap
- Barn og familie
- Bygg, eigedom og plan
- Helse
- Individ og samfunn
- Kultur og fritid
- Kyrkja
- Omsorg, pleie og sosiale tenester
- Natur og miljø
- Nærings- og samfunnsutvikling
- Skatt og avgift
- Skule, utdanning og SFO
- Trafikk og samferdsel
- Offentleg bading
- Politikk
- Organisasjon
- For tilsette
- Postliste
- Tenestekatalog A-Å
- Skjema A-Å
- Arkivside
- Skjema
- Lenker
- Prosjektrom
- Treff oss på Facebook
Startpakke for reguleringsplanar

Kvinnherad kommune nyttar frå desember 2010 ei startpakke ved handsaming av private forslag til reguleringsplanar.
Startpakka skal vera til hjelp for dei som ønskjer å fremja reguleringsplan etter plan- og bygningslova kap. 12. Pakka er eit supplement til Miljøverndepartementet og Bygningsteknisk Etat sitt rettleiingsmateriell tilgjengeleg på nettstadadressene: www.planlegging.no og www.byggsok.no.
Planframlegga skal vera utarbeidd av fagkunnige, men også forslagsstillaren vil ha stort utbyte av å setja seg inn i startpakka.
Startpakka har tre hovuddelar:
- Planprosessen
- Kommunen sine krav til forslagsstillar/fagkunnig
- Vedlegg
Nedst i denne artikkelen er det lenker til alle delar av startpakka i pdf-format. Dei dokument som det er føresett at fagkunnig og/eller forslagstillar skal fylla ut kan også lastast ned som word- og odf-filer.
Denne startpakka vil etter kvart verta nytta av dei fleste kommunane i Sunnhordland. Framleis står noko arbeid att med utforming av pakka, og difor er ikkje desse vedlegga klare til nedlasting enda:
- Vedlegg G: Utforming av reguleringsføresegner
- Vedlegg J: Adresseliste
- Vedlegg K: Døme på teiknforklaring
I tillegg til startpakka skal også "Akseptkriterium og metode for ROS-analysar" nyttast ved arealplanlegging i Kvinnherad.
Tinging av oppstartmøte og oversending av privat forslag til reguleringsplan skal sendast elektronisk til post@kvinnherad.kommune.no. Trykte dokument skal sendast til Kvinnherad kommune, 5470 Rosendal.
Spørsmål om oppstart av reguleringsplanarbeid kan rettast til planleggjar Ingo Bewer på e-post ingo.bewer@kvinnherad.kommune.no eller telefon 53 48 33 23.







