Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image

Eige kartleggingsprosjekt

Søppelrydding i Kvinnherad

I 2006-07 vart villfyllingar og herrelause søppelforekomstar kartlagde langs vegar og vassdrag, og i mindre grad på industriområde og i veglaus utmark. Det såkalla Kfo-prosjektet har frå 2009 gått inn i ein aktiv tiltaksfase der kommunen får god og kjærkomen teknisk og fagleg bistand frå SIM ved prosjektleiar Arild Vik, som driv oppsøkjande tilsyn, dokumentasjon og opprydding i samråd med grunneigar eller den ansvarlege, om slik finst.
Villfylling veg riksveg_250x188
Villfylling ved veg, - er no fjerna

Vi prøver med det gode, - først

Dei enkelte søppelfunna vert rangerte etter skaderisiko frå 1-6 der 6 er ei akutt miljø- og helsefarleg forsøpling som krev umiddelbar handling for å fjerne forureiningsfaren. Alle funn vert registrerte, men berre dei over skadenivå 3 fører til tiltak eller pålegg om opprydding. I vår strategi ser vi helst at den ansvarlege grunneigar eller forsøplar rydder opp på eiga hand innan ein frist vi kan bli samde om. Dermed unngår vi store skandale-oppslag i media, og kommunen slepp i gi pålegg om opprydding etter fl § 37.
skrot er ikkje kjekt_90
skrot er ikkje kjekt

SIM, - ein god hjelpar

Etter ei grovkartlegging av søppelfunn i 2007-2008 og identifisering av eigedom og gunneigar går prosjektet over i tiltaksfasen med opprydding. Både i dette arbeidet og i påvisning av ny forsøpling har avfallsselskapet vårt SIM = Sunnhordland Interkommunale Miljøverk vore ein uunnværleg støtte-spelar. SIM har kompetansen, utstyret og logistikken for slik opprydding som svært ofte skjer i forståing og samarbeid med grunneigar, - eller med ansvarleg forureinar om den vert identifisert. Arild Vik er kontakt i SIM.


Share on Facebook
Kvinnherad kommune, Rådhuset | 5470 Rosendal | man - fre 0800 - 1530 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no