Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image

Søknad om løyve til regulering av Rennedalsvatnet - Høyring

Småkraft AS – Søknad om løyve til regulering av Rennedalsvatnet i Mauranger.

NVE har motteke ein søknad frå Småkraft AS om løyve til regulering av Rennedalsvatnet med høyringsfrist 28.02.2017.

Småkraft AS – Søknad om løyve til regulering av Rennedalsvatnet i Kvinnherad kommune i Hordaland – Høyring

NVE har motteke ein søknad frå Småkraft AS, datert 29.12.2016, om løyve til regulering av

Rennedalsvatnet i Kvinnherad kommune, og auke installert effekt i Gjerde kraftverk frå 1,7 til 1,9 MW.

Småkraft AS ønskjer å regulere Rennedalsvatnet med fem meter. Dette gjeres ved å senke vasstanden

med ein meter til kote 580 moh og heve vasstanden med fire meter til kote 585 moh. Det planleggast å

anleggja en dam på fem meter ved utløpet av Rennedalsvatnet. Reguleringa vil medføre en auka

kraftproduksjon i Gjerde kraftverk på 0,85 GWh/år.

Søknaden skal handsamast etter reglane i kapittel 3 i vassressurslova og gjeld løyve etter vassressurslova

§ 8. Søknaden skal òg vurderast etter «forskrift om konsekvensutredninger etter sektorlover». Søknaden

med vedlegg vert lagt ut på www.nve.no/konsesjonssaker, og den vert kunngjort av NVE.

Den ligg og ute  offentleg ettersyn i rådhuset fram til 28.02.2017.

NVE føretrekkjer at fråsegner sendast oss elektronisk via www.nve.no/konsesjonssaker så snart som

mogeleg og seinast innan 28.02.2017. I tillegg kan ein sende fråsegner per e-post til nve@nve.no eller

per post til: NVE, Konsesjonsavdelinga, Postboks 5091 Majorstua, 0301 Oslo.

Fråsegner eller delar av fråsegna vert referert i eit endeleg vedtak. Om fråsegna er lang, er det difor ein

fordel om det utarbeidas eit samandrag som kan brukast til dette.


Kvinnherad kommune, Rådhuset | Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal | Man - fre 08.00 - 15.30 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no