Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image

SMIL midler 2012

Seim kvern
Kvinnherad kommune har fått tildelt kr 570.000.- i SMIL midler for inneverande år.
Søknadsfrist for midlane er sett til 16.april
Statens landbruksforvaltning deler kvart år ut eigne midlar til miljø og næringstiltak. Disposisjonsramma for Hordaland til særskilte miljøtiltak i jordbruket (SMIL) utgjer i år 6,8 millionar kroner. Av dette har Kvinnherad kommune fått tildelt kr 570000. Denne fordelinga vert gjort med bakgrunn i mellom anna antal landbrukseigedomar, jordbruksareal og aktivitet.
Ordninga har ført til mange positive ringverknader i kommunen. Der er rydda mykje beite og gode tiltak som til dømes kverna på Seim, Postvegen og turstiprosjektet har fått støtte. Generelt kan ein sei at ordninga har stimulert til landskapspleie, hindra tilgroing, restaurering av gamle verneverdige bygningar og auka aktivitet.
SMIL-midlane kan gå til rydding av gamal kulturmark og gjerding, restaurering av verneverdige bygningar, styving, ljåslått, istandsetting av steingardar, områdemidlar(bygdemobilisering) og tekniske miljøtiltak.
Strategiane for bruk av desse midlane er utarbeide av kommunen i samarbeid med Bondelag, Småbrukarlag og Skogeigarlag.
Søknadsfristen vert i år sett til 16. april. Søknadsskjema kan du få hjå kommunen eller du finn det på www.slf.dep.no.
Spørsmål om ordninga kan rettast til Landbrukskontoret v/ Tore Eik, 53483175 eller Vivik Rimestad 53483171

Kvinnherad kommune, Rådhuset | Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal | Man - fre 08.00 - 15.30 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no