Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image

Kr 550.000.- til fordeling til særskilde miljøtiltak i landbruket i Kvinnherad ( SMIL)

SMIL Midler 2011

Kvinnherad har fått ei samla løyving for 2011 på kr 550000 til særskilte miljømidlar i landbruket(SMIL). Samla løyving til (SMIL- ordninga) var for heile Hordaland på 6,8 mill. Ordninga har ført til mange positive ringverknader i kommunen. Det har stimulert til landskapspleie, hindra tilgroing, vern av gamle bygningar, auka omsetnad i handelsnæringa, verdiauke i jord og skogbruk og auka sysselsetnad. SMIL-midlane kan gå til rydding av av gamal kulturmark og gjerding, restaurering av verneverdige bygningar, styving, ljåslått, istandsetting av steingardar, områdemidlar(bygdemobilisering) og tekniske miljøtiltak. Strategiane for bruk av midlane er utarbeide av kommunen i samarbeid med Bondelag, Småbrukarlag og Skogeigarlag. Søknadsfristen er sett til 15 april. Søknadsskjema kan ein få på landbrukskontoret eller ein kan finna det på heimesida til Kvinnherad kommune eller på www.slf.dep.no. Vi gjer merksam på at handsaminga av SMIL- søknaden kan ta litt tid. Søknaden bør helst vera godkjendt før tiltaket vert sett i verk.

Skjema SMIL


Kvinnherad kommune, Rådhuset | Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal | Man - fre 08.00 - 15.30 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no