Prosjekt i regi av Hordaland bonde og småbrukarlag
"Slipp oss til" ungdom inn i landbruket

Prosjektet ”Slipp oss til” – ungdom inn i landbruket, skal styrka mulighetene for omsetning av småbruk og landbrukseigedomar, og starta som eit samarbeid mellom Natur og ungdom, Noregs Bygdeungdomslag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag.
I dag ser vi ein trend der stadig fleire unge menneske ynskjer å flytta ut på bygdene for å busettja seg på gardsbruk og driva landbruk, gjerne i kombinasjon med andre yrke. Er du ein av dei ?
Prosjektet ”Slipp oss til” – ungdom inn i landbruket, skal styrka mulighetene for omsetning av småbruk og landbrukseigedomar, og starta som eit samarbeid mellom Natur og ungdom, Noregs Bygdeungdomslag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag.
Gardane må drivast om vi skal ha levande bygder, om kulturlandskapet skal takast vare på, og om vi skal få til ein bærekraftig matproduksjon.
I samarbeid med Kvinnherad kommune skal prosjektleiar (Siri Teigland) registrera gardsbruk i Kvinnherad, bruk som ikkje er i drift/bebudd, og deretter ta kontakt med eigar for å høyra om sal/utleige kan vera aktuelt.
Prosjektet driv nettsida ”Gardsbruk.no”, som er ei gratisteneste for marknadsføring av ledige gardsbruk, og er blitt landets viktigaste marknadsplass for landbrukseigedomar.
Ta gjerne kontakt !
Mvh. Siri Teigland
Tlf 97 18 75 38 eller siri.teigland@knett.no





