Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image

Skulehelsetenesta

Skulehelsetenesta er eit lågterkeltilbud som skal vera lett tilgjengeleg for alle elevar i Kvinnherad kommune - t.o.m. vidaregåande skule.

Skulehelsetenesta utøver planmessig, helsefremmande og førebyggande arbeid retta mot elevane.

 

Skulehelsetenesta har som formål å

§  Fremja psykisk og fysisk helse

§  Fremja gode sosiale og miljømessige forhold

§  Førebyggja sjukdomar og skader.

 

Skulehelsetenesta i Kvinnherad har desse pålagde oppgåvene

§  Vaksinasjon etter program

§  Skulestartundersøking før skulestart med lege og helsesøster.

§  Deltaking i tverrfaglege, samarbeids- og ansvarsgrupper.

§  Trefftider på grunnskulane i Kvinnherad/ Kvinnherad vidaregåande skule

 

Undervisning individuell rettleiing

§  Tilbod til skulen om undervisning (kost, pubertet, rus, tobakk, seksualitet og prevensjon)

§  Prosjekt i ungdomsskulen

 

Tverrfagleg samarbeid/med faste møtetider

Gjennom ein dialog med kvar enkelt skule blir det avgjort kva fora ein skal ha, kor tid ein skal

møtast og kor ofte. Dette kan vera ulikt frå skule til skule.

 

Kontakt oss:

Husnes helsestasjon

Tlf. 53 46 16 20

Halsnøy helsestasjon

Tlf. 53 46 15 20

Rosendal helsestasjon

53 48 32 12/19

Hatlestrand helsestasjon

53 46 14 85

 

 

 

 


Share on Facebook
Kvinnherad kommune, Rådhuset | 5470 Rosendal | man - fre 0800 - 1530 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no