Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image

Framlegg til forskrift om felles ordensreglement for grunnskulen

Høyringsforslaget blir sendt på høyring 8.september 2010.
Frist for merknader og innspel er 8.11.2010. Send merknader og innspel til Kvinnherad kommmune, 5470 Rosendal eller post@kvinnherad.kommune.no


Vel møtt til nytt skuleår

Tysdag 17.august startar eit nytt skuleår for elevane i Kvinnherad.
Totalt 1873 elevar frå 1.-10.trinn, og 181 nye førsteklassingar.
Vi håpar dette skal bli eit godt år for læring, både fagleg og sosialt for alle grunnskule-elevane våre.

Skule- og barnehageruter

Den enkelte skule bestemmer tidspunkt for 2 av planleggingsdagane lokalt. Dette er fridagar for elevane. Informasjon om dette skal liggje på heimesida til den enkelte skule.

Resultat frå Elevundersøkinga 2010

Elevundersøkinga tar for seg elevane sitt læringsmiljø, og er ei nettbasert, obligatorisk undersøking for alle grunnskular. Elevane på 7. og 10 trinn får uttale seg om sitt eige læringsmiljø.

Resultata for Kvinnherad kommune i 2010 viser framgang for 10.trinn, og nedgang for 7.trinn.

Stor interesse for vidareutdanning innan leiing

Vidareutdanningstilbodet Leiing i skulen som startar opp hausten 2010 er fullteikna.
I utgangspunktet var der 50 plassar, 54 er kommen med på lista til no, og vi opererer med venteliste.
Studiet er for tilsette i skulen som anten har/ønsker seg leiarjobb i skuleverket; trinnleiar, inspektør eller rektor.

TERS-MIDLAR TIL OMVIKDALEN SKULE

Omvikdalen skule med Margunn Eik som prosjektleiarer, er glad for å ha fått 80 000 kroner frå TERS til å lage undervisningsopplegget Vatn i naturen.

TERS står for teknologi og realfagsamarbeid mellom skule og næringsliv.
Kvinnherad kommune, Rådhuset | 5470 Rosendal | man - fre 0800 - 1530 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no