Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image

Kontaktperson

Fagkoordinator internutvikling
Gunn Fosse
Telefon: 53 48 31 52
Epost

Lover

Forvaltningsloven
Opplæringslova § 8-1

Skuletilhøyrsle

Oppdatert: 28.12.2011 09:32
Generelt
Tema
- Skule, utdanning og SFO
- Skulane
Beskrivelse

Elevar i grunnskulen har rett til å gå på den skulen som dei høyrer til. Du kan søkje om å få bornet ditt inn ved ein annan skule. Det er opp til kommunen å avgjere dette. Skulen/kommunen vil sende brev til føresette med born som er i skulepliktig alder. I brevet blir det opplyst om kor ein skal møte og til kva tidspunkt.

Målgruppe

Føresette med born i skulepliktig alder

Kriterier/vilkår

Kva skule eleven høyrer til, avgjer kommunen etter ei konkret vurdering. Vurderinga skal ta utgangspunkt i geografiske forhold, men ho skal også ta omsyn til om for eksempel sysken er plasserte på den samme skulen, kapasiteten på skulen og om skulevegen er farleg.

Pris for tjenesten
Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende
Serviceerklæring
Praktiske opplysninger
Søknaden sendes til

Kvinnherad kommune
Rådhuset

5470 Rosendal

Saksbehandlingstid

Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.

Klagemulighet

Du kan klage både på vedtak om kva skule eleven høyrer til, og på vedtak om skulebytte til annan skule. Klagefristen er tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. 

Kontaktinformasjon
Ansvarlig enhet
Avdeling:Samfunnsutvikling
Telefon:53 48 31 00
Epost:samfunnsutvikling@kvinnherad.kommune.no
Postadresse:Rådhuset 5470 ROSENDAL
Besøksadresse:5470 ROSENDAL
Andre opplysninger
Dato oppdatert
2011-12-28 09:32
Gyldig fra
2009-05-22
Gyldig til
2012-12-31
Kvinnherad kommune, Rådhuset | 5470 Rosendal | man - fre 0800 - 1530 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no