Velkomen til skogkveld med tema «Forynging av skog»

 

Onsdag 11. september 2019 klokka 19.00 til 22.00 på Hatlestrand, i ungdomshuset.

Det har blitt mykje hogd i området vårt i den siste tida, men det går seint med forynging.

Rolf Erling Loe, instruktør i Aktiv skogbruk, vil hjelpe oss å tenkje nytt om forynging og tek oss gjennom følgjande tema i løpet av kvelden:

  • Korleis forynga skog - foryngingsmetodar

  • Skoglova om foryngingsplikt

  • Økonomi – lønsemd ved foryngingstiltak

  • Kva som er viktig å kontrollere etter foryngingstiltaket er utført

  • Skog som karbonlager i klimadebatten

 

Kaffi og enkel servering

Vel møtt!

                                                                                            

Helsing

Landbrukskontoret

Ytre Hardanger Skogeigarlag