Skogfondet inneheld midlar som skogeigarane er pliktige til å setja av ved alt sal av tømmer og biobrensel. Føremålet med ordninga er å sikre finansiering av ei bærekraftig forvaltning av skogressursane. Skogfondet skal gje skogeigaren eit betre grunnlag for langsiktige investeringar, samt sikra viktige miljøverdiar i den skogen som vyrket kjem frå, eller i ein annan skog som skogeigar har.

Avsetjing av skogfon er heimla i skoglova. Kva skogeigedom har ein eigen fondskonto, og skofondsmidlane er knytta til skogeigedomen.

Skogfondet kan nyttast til:

  • Skogkulturtiltak, som planting og ungskogpleie
  • Miljøtiltak, knytt til biologisk mangfald, landskap, kulturminne og friluftsliv
  • Bygging og opprustning av skogsvegar og velteplassar
  • Vedlikehald av skogsbilvegar
  • Miljøtiltak, som pleie av kulturminne i skog
  • Skogbruksplanlegging med miljøregistreringar
  • Biovarmeanlegg for varmeleveransar
  • Forsikring av skog
  • Kursavgift og kursmateriell for kurs knytt til skogen si drift
  • Oppmerking av eigedomsgrenser ved jordskrifte i skog

Informasjon om utbetaling frå skogfond finn du på Landbruksdirektoratet

Meir informasjon om skogfondet finn ein hjå Statsforvaltaren i Vestland eller ta kontakt med landbrukskontoret om du har spørsmål.

Skogfondskalkulator.

JuletreplantingTømmerbil

Foto: Tore Eik