Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image

Kontaktperson

Ingeniør - Miljøretta helsevern
Knut Evjen
Telefon: 53483236
Mobil: 48882077
Epost

Regelverk

Lov om vern mot tobakksskader (røykelova)

Serveringsstader (røykelova)

Oppdatert: 27.12.2011 14:26
Generelt
Tema
- Helse
- Miljøretta helsevern
Beskrivelse
"Lov om vern mot tobakksskader (tobakksskadelova)" vart endra ved lov 23. mai 2003  nr.34. Endringa inneber forbod mot røyking på alle serveringsstader frå 1. juni 2004. Frå same dato blir "Forskrift 15. desember 1995 om røyking på restauranter og andre serveringssteder, internkontroll m.v." oppheva.
 
Kva innebere røykjeforbodet
Lovendringa gjeld for stader som serverer mat eller drikke og som samstundes er eit arbeidslokale eller eit lokale der allmenta har tilgjenge. På slike stader er det ikkje lov til å røykje.
 
Medlemsklubbar og utleigeverksemder, der allmenta har tilgjenge, på visse vilkår, for eksempel krav om medlemskap, vil normalt vere omfatta av totalforbodet. Det vil ikkje vere avgjerande kva eit arrangement blir kalla, dersom allmenta i realiteten har tilgjenge. Lova omfattar ikkje private samkomer.
 
Uteservering er ikkje omfatta av regelverket. Det går likevel ei grense mellom uteservering med overbygg, lé-veggar osv., og det som må bli definert som eit lokale etter lova. Føremålet med reglane er å verne mot passiv røyking. Dersom overbygg eller liknande er av ein slik karakter at området ikkje får god nok utlufting, vil det vere eit argument for at lova gjeld. I konkrete saker er det kommunen som har avgjerdsrett i forhold til publikum, og Arbeidstilsynet i forhold til dei tilsette.
 
Røykjeforbodet vil også gjelde ved arrangement og tilstellingar i lokale som grendehus, selskapslokale, samfunnshus, kantiner, bingolokale og anna utleigeverksemd, dersom det blir servert mat eller drikke og det ligg til rette for at det kan nytast på staden. Dersom verken allmenta ikkje har tilgjenge-, eller lokala ikkje er arbeidslokale, vil lokala ikkje vere regulerte av tobakksskadelova.
 
For overnattingsstader gjeld framleis regelen om at minst halvparten av romma skal vere røykfrie.
 
Dispensasjon frå forbodet i Tobakkskadelova § 6 kan kun bli gitt i særlege tilfelle.
 
Det skal bli markert med tydelege skilt at røyking er forbode på stader der det kan vere tvil om dette, og ved inngangen til alle serveringsstader.
 
Lova har framleis krav om til at serveringsstaden skal føre internkontroll.
I internkontrollrutinane skal det vere opplysningar om kvar det skal bli plassert skilt om at røyking er forbode, og ei oversikt av kva som skal gjerast ved brot på røykjeforbodet. Dessutan må det vere med rutiner for å sette dei tilsette inn i gjeldande regelverk og rutiner for å behandle avvik. Det må og vere eit system som sikrar at eventuell tobakksrøyk frå uteservering ikkje trekker inn i lokala.
 

 

 

 

 

Det er eigar eller den som disponerer lokala som har ansvar for at bestemmelsane blir overhalde.
Målgruppe
Heile befolkninga.

 

 

 

 
Tilsynsansvaret etter § 6 i røykelova er delt mellom kommunen og Arbeidstilsynet, og kan gjerast som eit samarbeid.
 
Miljørettet helsevern/kommuneoverlegen si oppgåve:
- Føre tilsyn med at forkrifta sine krav blir følgde.
- Gje pålegg om retting ved brot på krav.
- Handsame klager.
- Gje rettleiing og informasjon om forskrifta sine krav.
 
Arbeidstilsynet skal føre tilsyn med at det ikkje blir røykt i arbeidslokale.

 

 

Pris for tjenesten
Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende
 

Partnere

Arbeidstilsynet

Serviceerklæring
Praktiske opplysninger
Søknaden sendes til


Kontaktinformasjon
Ansvarlig enhet
Avdeling:Helse og rehabilitering
Telefon:53483354
Epost:liv.saetre.eik@kvinnherad.kommune.no
Postadresse:Rosendalsvegen 10 5470 ROSENDAL
Besøksadresse:Rådhuset 5470 ROSENDAL
Andre opplysninger
Dato oppdatert
2011-12-27 14:26
Gyldig fra
2009-10-21
Gyldig til
2012-12-31
Kvinnherad kommune, Rådhuset | 5470 Rosendal | man - fre 0800 - 1530 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no