Seksjon Stab

Hovudtyngda av dei tilsette i seksjon Stab har arbeidsplassen sin lokalisert i rådhuset. Seksjonen har frå 2018 totalt 49 tilsette med ulik og variert kompetanse. Seksjon stab har avdelingar med ansvar for ulike fagområde:

Informasjon - med ansvar for postmottak og arkiv, informasjon med heimeside, sentralbord, resepsjon og merkantil ressurs. Merkantil ressurs er plassert ute i heile organisasjonen, med 17 tilsette som utfører arbeidsoppgåver knytt til alle einingar. Tenesteområdet er oppvekst - omsorg, helse og sosial - og andre einingar. Dei tilsette har ansvar for oppgåver innan økonomi, informasjon, løn og personalarbeid, og andre fagområde som høyrer direkte til tenesta. Det er tette band til rådhuset, og kunnskaps- og erfaringsdeling går begge veier.
IKT - med support på dagtid og vaktteneste heile døgnet
Økonomi - med ansvar for skatteoppkrevjar, kommunal innkrevjing, faktura- og rekneskap. Ansvar for arbeid knytt opp til budsjett er lagt til ei eiga
Budsjett og analysegruppe som er sett saman av rekneskapssjef, leiar for løn, rådgjevar økonomi, rådgjevar IKT. Gruppa vert leia av økonomisjef.
Politisk- og administrativt sekretariat - med ansvar for sekretariat for kommunedirektør, ordførar og politiske utval og styre

Satsingsområde
Seksjon stab sin funksjon er å yta tenester til heile organisasjonen, til innbyggjarar og til politikarar. Samhandling på tvers i organisasjonen er avgjerande for at oppgåver vert løyst effektivt og godt, og me legg vekt på at løysingar på utfordringar og oppgåver vert heile organisasjonen sitt ansvar der fleire deltek i å finna gode løysingar. Løysingar som er definerte og vedtekne skal vere like i heile organisasjonen, og tilsette i Seksjon stab har instruksjonsmynde på desse områda.

Frå 01.01.2018 vart alle merkantile ressursar i Kvinnherad kommune samla i Seksjon stab, i avdeling Informasjon. Organiseringa gjeld alle einingane i kommunen. Målsetjinga med slik organisering er å etablera eit styrka merkantilt fagmiljø som sikrar profesjonalitet, effektivitet og høg kvalitet i utføring av alle arbeidsoppgåver.

Digitalisering er viktig for organisasjonen vår. Digital utvikling skjer raskt, og kommunen tek fortløpande i bruk ny teknologi.

Fokus
Våre tilsette er aktive i prosessar og bidrar til å utvikla tenestene våre i tråd med krav frå brukarane våre og samfunnet elles. Vi er alle rollemodellar for kvarandre både fagleg og personleg, og vi legg vekt på å gjera kvarandre gode gjennom å dela kunnskap og erfaring i det daglege arbeidet vårt.

Fokus er ei fornuftig og tydeleg ansvars- og oppgåvefordeling, å halda oss oppdaterte, å vera i stand til å løysa utfordringar, finna gode løysingar saman med andre, og å byggja gode lag.

Seksjonsleiar
Gunn Berit Sandnes Fosse
E-post: gunn.fosse@kvinnherad.kommune.no
Tlf. 970 24 282

Informasjon med post/arkiv
Avdelingsleiar Lars Næs
E-post: lars.naes@kvinnherad.kommune.no
Tlf. 951 69 166

IKT
IT sjef Ronny Raudstein
E-post: ronny.raudstein@kvinnherad.kommune.no
Tlf. 489 96 211

Økonomi
Avdelingsleiar Vibeke Skåla
E-post: vibeke.skaala@kvinnherad.kommune.no
Tlf. 994 74 107

E-post rekneskap: rekneskap@kvinnherad.kommune.no

Konstituert økonomisjef
Helge Gunnar Flatland
E-post: helge.gunnar.flatland@kvinnherad.kommune.no
Tlf. 957 86 298

Seksjon Kultur, næring og utvikling

Seksjonen sine oppgåver omfattar:

  • Kommunale museum (Rosendal skipsbyggjarmuseum, Haugland skulemuseum, Rødtunet)
  • Kulturvern, kunst og kulturformidling, den frivillige kultursektoren
  • Fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv
  • Drift av Kvinnherad kultursenter med kulturhus og kino
  • Tilskotsordningar i landbruket, viltforvaltning og jord- og skogbruk, veterinærvakt
  • Uttalesaker for havbruk og kraftproduksjon
  • Kommunalt næringsfond
  • Næringsutvikling og - rådgjeving
  • Turistinformasjon og koordinering og utviklingsarbeid for reielivsaktørane
  • Utarbeiding og gjennomføring av prosessar med planstrategi, kommuneplanar (samfunnsdel og arealdel) og kommunedelplanar (arealplanar og temaplanar)
  • Utarbeiding av kommunale reguleringsplanar og utbyggingsavtalar
  • Leiing og deltaking i samfunnsutviklingsprosjekt, representasjon i regionale prosjekt
  • Koordinering og utvikling av folkehelsearbeidet
  • Naturvern og klima
  • Kartlegging og analyse av samfunnstryggleik, naturfare, risiko og sårbarheit

Seksjonsleiar
Anbjørn Høivik
E-post: anbjorn.hoivik@kvinnherad.kommune.no
Tlf: 917 05 737

Seksjon Forvaltning

Seksjonsleiar
Hilde Kjelstrup
E-post: hilde.kjelstrup@kvinnherad.kommune.no
Tlf. 452 10 707

Seksjon Løn og personal

Seksjonsleiar
Torstein Aarthun
E-post: torstein.aarthun@kvinnherad.kommune.no
Tlf. 951 24 964