Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image
Kartutsnitt frå Sandvoll

Ny kommunedelplan:

Grovutkast til arealplan for Sandvoll, Holmedal, Matre og Åkra

Kommunen har under arbeid ny arealdel til kommuneplanen for den søraustre delen av Kvinnherad. Det er framleis eit stykkje att til ein ferdig plan, men eit grovutkast med framlegg til framtidige byggeområde er no tilgjengeleg for nedlasting.
Innspel_teaser

Kommunedelplan for Sandvoll, Holmedal, Matre og Åkra:

Her er innspela til planen

Framlegg frå grunneigarar og andre til innhald i planen er no samla, kartfesta og tilrettelagt for innsyn. Kommunen ønskjer at dei som har levert innspel sjekkar korleis dei vert vist i kartet.
Landskapsanalyse_SandAak_te

Landskapsanalyse for søraustre Kvinnherad

På oppdrag for Kvinnherad kommune har Aurland Naturverkstad AS laga ein landskapsanalyse for området Sandvoll, Holmedal, Matre og Åkra.
BM_teaser

Rapport om biologisk mangfald

Som del av planarbeidet har kommunen fått kartlagt prioriterte naturtypar og sjeldsynte artar i planområdet. Dette arbeidet er utført av firmaet Miljøfaglig Utredning AS og dei fullførte sitt arbeid 30. november 2009. Rapporten, som kan lastast ned her, gir omfattande ny kunnskap om naturverdiane på strekninga Sandvoll - Åkra.

Kommunedelplan for Sandvoll, Holmedal, Matre og Åkra 2010 – 2022

Informasjon om planprosessen

Arealdelen til kommuneplanen for dette området skal reviderast. Føremålet med revisjonen er å ta ut planlagde tiltak som ikkje er aktuelle lenger og leggja inn nye område for bruk og vern. Planen skal dekkje både land- og sjøområda og vil visa noverande og planlagd arealbruk. Denne revisjonen vil dels byggja på kommunen sine eigne vurderingar og dels på innspel frå grunneigarar, organisasjonar og offentlege instansar.

Planprogram

Kommunestyret fastsette 18.06.2009 planprogram for ny kommunedelplan for Sandvoll, Holmedal, Matre og Åkra.
Kvinnherad kommune, Rådhuset | 5470 Rosendal | man - fre 0800 - 1530 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no