Avtalen vart signert same dag som Kvinnherad kommune offentleggjorde ein rapport om moglegheiter for ei hydrogensatsing i Kvinnherad, utarbeidd av Greensight

Det er på bakgrunn av konklusjonane i denne rapporten at kommunen saman med kraftprodusenten SKL og gassprodusenten Gasnor no vel å starte eit forprosjekt der dei vil sjå nærare på kva som må løysast for å byggje eit storskala produksjonsanlegg for flytande hydrogen knytt direkte opp til SKL sitt kraftverk i Matre i Kvinnherad. 

 

Målet er altså å få til ein konkurransedyktig produksjon av hydrogen med ein installert effekt på 30-60 MW og ein produksjon på 10-20 tonn hydrogen per døgn. Då vil ein kunne forsyne ein komande norsk marknad for grøn hydrogen, som til dømes ferjer, hurtigbåtar og landtransport. Dei store kraftressursane i Matre og tilgang til djupvasskai gjer det og mogleg å skalere opp produksjonen med tanke på eksport. Forprosjektet skal finne løysingar på knytt til rammevilkår for hydrogenproduksjon, finansiering, eigarskap og gå i dialog med potensielle store forbrukarar.

 

Til stades på lanseringa var mellom anna stortingspolitikaren Liv Kari Eskeland (H) som presenterte dei skjerpa klimamåla til den nye regjeringa, som neppe kan nåast utan å leggje om store delar av transporten på land og sjø over på  hydrogen og elektrisitet.

HYDROGENRAPPORT

Biletet (fotograf, Håvard Sætrevik, Grenda) syner signeringa av samarbeidsavtalen, frå venstre adm.dir. i SKL John Martin Mjånes, adm.dir. Gasnor Eilef Stange, ordførar Peder Sjo Slettebø.