Einskild skjenkeløyve

Skjenkeløyve for einskild høve gjeld arrangement som er opne for publikum. Døme på dette kan vera dans eller festivalar. Løyvet blir gjeve for kvart einskild arrangement. Løyvet er tidsavgrensa og knytt til det konkrete arrangementet.

Ved større arrangement vert søknaden sendt lensmannen, eining for rus og psykiatri og evt. branntilsynet for uttale.

Ved tildeling av løyve til skjenking utandørs skal det takast omsyn til naboar og offentleg ro og orden, og nærleik til sjø og trafikk.

For eit einskild skjenkeløyve vert det berre gjeve løyve for øl og vin under 22 % vol. og alkoholfritt alternativ skal vera tilgjengeleg. Skjenketida er sett frå kl. 12:00 til kl. 01:00.

Ansvarleg for løyvet må vera over 20 år. Skjenkeløyvet er personleg og kan ikkje overdragast til andre.  

Du må søkje skriftleg i god tid før arrangementet skal vere, minst 14 dagar. Søknaden skal innehalde opplysningar om kva slags arrangement det er snakk om, kven som er arrangør, kvar og når arrangementet skal vere, kor mange deltakarar og kven som er ansvarleg skjenkjestyrar. Ansvarshavande må gjere seg kjent med føresegnene i alkohollova og med lokale retningsliner.

Søknadskjema finn du her.

Pris på løyvet

  • For inntil 100 personar  - kr. 400.-

  • For 100-200 personar - kr. 800.-

  • Over 200 personar - kr. 1500.-

Faste skjenkeløyve

Skjenkeløyve kan etter søknad tildelast hotell, restaurantar/ kafear /selskapslokale/pub og bardrift. Søknader blir avgjort av formannskapet etter uttale frå politiet, skatteoppkrevjaren og helse- og sosialsektoren. Behandlingstida for slik søknad er om lag 4 veker. Nærare vilkår for løyva kan setjast i kvart enkelt høve med grunnlag i reglane i alkohollovgjevinga.

Skjenketidene for perioden er:

  • Alkoholhaldig drikk under 22 vol. %: kl. 12.00 - 01.30
  • Alkoholhaldig drikk over 22 vol. %: kl. 13.00 – 01.30

Formannskapet kan vedta kortare uteserveringstid på einskilde skjenkestader, dersom skjenkinga fører til støyplager for naboar. Ved tildeling av løyve til skjenking utandørs skal det takast omsyn til naboar og offentleg ro og orden, og nærleik til sjø og trafikk. Det skal vere tydeleg avgrensa skjenkeområde for utandørs skjenking.

Styrar må ha godkjent etablererprøve og kunnskapsprøve for skjenkeløyve, reservestyrar må ha godkjent kunnskapsprøve for skjenkesaker.

Søknadskjema finn du her.

Salsløyve

Salsløyve for alkoholhaldig drikk med høgst 4,7% vol. kan berre tildelast daglegvarebutikkar og gardsbutikkar som har mikrobryggeri.

Det er omsetnaden av vareutvalet som avgjer om staden skal reknast som daglegvarebutikk eller kiosk, ikkje vareutvalet i hyllene. Salsløyve skal ikkje tildelast bensinstasjonar / kioskar. I spesielle tilfelle kan det gjerast unnatak frå denne regelen. Søknader blir avgjort av formannskapet etter uttale frå politiet, skatteoppkrevjaren og helse- og sosialsektoren. Behandlingstida for slik søknad er om lag 4 veker. Nærare vilkår for løyva kan setjast i kvart enkelt høve med grunnlag i reglane i alkohollovgjevinga.

Salstidene for perioden er:

  • Kvardagar kl. 08.00 – 20.00 (makstid etter alkohollova)
  • Dagar før søn- og helgedagar kl. 08.00 – 18.00 (makstid etter alkohollova)
  • Dagen før Kristi Himmelfartsdag - sal til kl. 20.00.
  • Påske- pinse, og nyttårsafta sal til kl. 15.00.

Det er lov å selja alkohol på valdagar og dagar for folkeavstemming. Løyvehavar står fritt til sjølv å bestemma si eiga salstid innanfor denne ramma. Styrar og reservestyrar må ha bestått Kunnskapsprøve for salsløyve.

Søknadskjema finn de her.