Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image

Kven er vi?

Rus og psykiske helsetenester

Rus og psykisk helsetenester er eit gratis kommunalt tenestetilbod til alle som bur i kommunen. Den rettar seg mot menneske med ulike psykiske vanskar og eller rus, pårørande og mennesker i livskrise.

Vi har teieplikt. Kontoret ligg lokalisert i 2. høgda på Senteret, over Møbelringen,  inngang ved biblioteket.
 
Ved behov for kontakt dagtid tlf. 53 48 31 00
Opningstid: kl. 09.00 - 15.00.
 
Ved behov for hjelp utanom opningstida kan du ta kontakt med legevakta på
 tlf 53 47 33 00.
 
Du er velkomen til å kontakte Rus og psykiske helsetenester for :

·        Om du treng nokon å snakka med.

·        Informasjon og spørsmål knytt til rus – og psykisk helse som du grunnar på og
       kanskje ønskjer å snakka med nokon om.
 
·         Støttesamtaler og rettleiing individuelt og i grupper.
 
·         Informasjon og støttesamtaler for pårørande.
 
·         Kurs og sjølvhjelpsgrupper.
 
·         Bidra til auka mestring i eige liv. Individuell plan: Vurdering og koordinering
 
·         Individuell oppfølging, og som din støttespelar i samarbeid med andre instansar som
      helsetenester, bustad, arbeid /sysselsetting, fritidsaktivitetar, skule/ utdanning
      for å nemna noko.
 
 
Tenesta si målgruppe:

Brukarar i alle aldrar over 18 år.
 
Korleis få tenesta:
 
Du finn søknadsskjema under skjema  på Kvinnherad kommune si heimeside. Fyll ut  skjema: Søknad om helse- og omsorgstenester  og send det til Kvinnherad kommune, Rådhuset, Tildelingskontoret, Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal.
Eller du kan ringe direkte til Kvinnherad kommune på telefon 534 83 100 som vil sette deg over til ein av dei psykiske helsearbeidarane.
 
Lege 
 
NAV
 
Bedrifthelseteneste
 
Alle som søkjer om hjelp vil få svar.
 
Nærare presentasjon av oss:

Gruppeleiar/ koordinator for Rus – og psykiske helsetenester:
Marit Teigen

Psykiske helsearbeidarar:
Britt Helen Hauan, Leif Harald Hollevik, Veronica Hellestveit, Laila Haavik, Monica Svellingen-Hammer, Møyfrid Kristoffersen, Hege Anette Thoresen og Olaug Bakke.


Adresse:         
Rus og Psykiske helsetenester
v/ Marit Teigen
Pb 254, 5480 Husnes.

e-post:
marit.teigen@kvinnherad.kommune.no
Mobilnr. 48994336 (dagtid)

Kvinnherad kommune, Rådhuset | Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal | Man - fre 08.00 - 15.30 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no